Gamle setesdalsvegen ved Mølla 7. april 2024. Bak til høgre ser me Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal

Frå Langelands mølle til Reiersdal i Øvrebø gjekk den gamle setesdalsvegen på vestsida av Langåna, der Riksveg 9 i dag går på austsida.

«Mølla» er den idylliske eigedomen me ser på høgre hand ved søre enden av Langevatn, på veg sørover på Riksveg 9 mot Kristiansand. Her går riksvegen over Langåna på ei lita bru, og kjem over på austsida. «Gamlevegen» heldt i staden fram sørover på vestsida av bekken. Han passerte Mølla og dei to husmannsplassane i Kjerran før han kom fram til den meir kjende Reiersdalskleiva.

Sjå strekninga på Norgeskart.no (stipla linje)

Den første køyrevegen her er frå tidsromet 1829–1833. Han gjekk over ein kolle litt før han kom fram til husa på Reiersdal. Vegen over kollen var i bruk til 1884. Han er ganske attgrodd, og det er bare eit ganske kort stykke igjen av han. Størstedelen av strekninga frå Mølla til Tjomsåsvegen, sør og nord for kollen, er ei utbetring som skjedde rundt 1884.

Stykket held fram under biletet

Vegen over kollen frå ca. 1833 til høgre og den nyare vegen frå 1884 til venstre. Gardane på Reiersdal ligg bak til høgre i biletet. Me ser med andre ord sørover. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalsveg til 1963

Vegstykket frå Langelands mølle til Reiersdal var i bruk heilt til «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen kom forbi i 1963.

Vegen forbi Reiersdal og Langelands mølle blei som sagt bygd kring 1829–1833. Til Hægeland 6–7 kilometer lenger nord kom han fram i 1835. Då var det framleis fleire år til Postvegen kom nordover gjennom Setesdal. Her oppe hos oss var det framleis den gamle dalevegen som gjaldt. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, og kanskje helst noko før, blei vegen forbi Reiersdal byvegen også for setesdølane.

Kjelder

Meir gamal setesdalsveg

Gamlevegen frå ca. 1833. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand