Nomelandshaugen 27. oktober 2017. Foto: Geir Daasvatn

Nomelandshaugen

Nomelandshaugen er ein gravhaug på Nomeland, på vestsida av Otra, i Valle.

Haugen har eit tverrmål på om lag 35 meter, og ei høgde på ca 3,5 meter.

Den nordlege delen, ca. 1/3 av haugen, er planert ut til ca 1 meter over dyrka mark med eit steingjerde langs kanten.

Nomelandshaugen er det største kjende gravminnet i Valle, og skal også vere den største bevarte gravhaugen i Aust-Agder. Dateringa er til jernalder.

Det rike Nomelandsfunnet frå sein vikingtid skriv seg truleg frå denne haugen.

Kor finn du haugen?

Nomelandshaugen ligg altså på vestsida av Otra, tvers ovafor Valle sentrum, og er lett tilgjengeleg frå Strondevegen. Han ligg rett sør for Prestefossen hengebru, i eit unikt kulturlandskap. Her går Prestefossen tursti i tre sløyer, etter å ha starta i Valle sentrum. Du kan legge ut på ei vandring, ja ei spennande kulturhistorisk reise, gjennom 1000 år! Men den reisa får bli tema i eit eige stykke, når våren er komen og snøen borte.

Nomeland–Valle sentrum på Norgeskart.no

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Haugen er tydeleg oppkasta i midten. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Beintsbekken jernbanebru – Evje
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
Postvegen – Moen gamle bru
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Det første kraftverket på Hovden
Moi gravfelt
Heddisloptet
Sandnes kyrkje – Åraksbø
Gamlestog – Rygnestadtunet
Åraksbø kraftverk
Storstoga – Ose

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.