Nyestog i Nordigard Rygnestad 4. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Nyestog – Rygnestadtunet

Nyestog er den «yngste» delen av stogehuset i det som i dag er Rygnestadtunet i Valle. Men ho er ikkje så veldig ung, ho er truleg bygd rundt år 1590!

Huset høyrde til gardsbruket Nordigard Rygnestad. Det var garden til Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Han fekk sett opp stogehus og loft ca. 1590. Ut frå kjeldene må dette stogehuset ha vore første høgda i det som nå er «nyestog» (til høgre for inngangsdøra ). Omtrent på same tid, truleg rundt år 1600, blei huset tilført ei stoge til – «gamlestog» – på andre sida (til venstre for inngangsdøra). Begge stogene var årestoger frå først av. Då var det ein svalgang framfor dei.

Åsmund kom med merkeleg påfunn!

Olav Bjørnarå, den første namngjevne byggmeistaren i Setesdal, var hyra inn for å bygge stogehuset for Åsmund. Men Åsmund kom med eit merkeleg påfunn, skriv Alfred Ryningen i kultursoga for Valle (med vidare tilvising til Arne Berg). Han kravde at to lange armar skulle krage ut på gavlveggen i stoga, så dei kunne bere eit loftsrom! Slik blei stoga også bygd. Det kunne ikkje gå godt. Vekta pressa armane nedover. Etter kort tid måtte rommet støttast opp med grove stolpar. Då blei det like godt bygd to nye rom under loftet. Det var det underlege «trihågloptet», til høgre for «nyestog», som då oppstod!

Påbygd rundt 1800

Stogebygningen i Rygnestadtunet med det trehøgda loftet heilt til høgre. «Gamlestog» ligg til venstre for inngangen, «nyestog» til høgre med vindaugo. Foto: Geir Daasvatn, 2022

Rundt år 1800 blei årestoga til høgre for inngangen bygd om til «nyestog» med peis og skorstein. Då blei det mogeleg å bygge ein etasje oppå stogerommet. Bygningen blei høgare.

For å utnytte gangen foran det nye rommet i 2. etasje, og få eit møne på taket, blei også den gamle årestoga bygd på i høgda. Nyestog blei opphaldsrommet med lettare matlaging. Gamlestog blei grovkjøkken.

Opent heile sommaren!

Dette eineståande kulturminnet kan du kome inn i heile sommaren. I 2024 er Rygnestadtunet ope og betjent dagleg kl. 11–17 frå 24. juni til og med 11. august.

Stykket held fram under bileta

Kjelder

  • Informasjonsark om Rygnestadtunet, utgjeve av Setesdalsmuseet
  • Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Gards- og ættesoge Valle, 1987, s. 344
  • Arne Berg, Frå det beste av byggjeskikken, artikkel i Setesdal. Folk, kunst og tradisjon (red. Olav Bø), Grøndal & Søn Forlag, 1980, s. 117–140

Les meir om Rygnestadtunet

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand
Postvegen – Vennesla
Postvegen Kristiansand–Bykle
Postvegen – Evje og Hornnes