Den gamle Postvegen frå 1840-talet forbi Heddessteinen 17. august 2024. Rett til venstre for steinen vegen frå 1994. Heilt til vestre dagens Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Heddessteinen

På Hedde i Hylestad gjekk Postvegen forbi på oppsida av den svære Heddessteinen.

«Postvegen» blei han altså kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og kløvhestar, og hest med slede der det var mogeleg.

Forbi Hedde i 1942

Forbi Heddessteinen kom vegen rundt 1842. Dette er rett sør for den staselege garden Haugan, som Egil Åmlid eig. Det er det sørlegaste gardsbruket på Hedde.

Vegen var veldig smal der han låg tett inntil den svære steinblokka. Om du møtte ein buss her, var det bare såvidt du kom forbi.

Det var trongt om plassen rundt Heddessteinen! Foto: Geir Daasvatn

Vegen var i bruk heilt til 1994. Då blei han flytta nærare elva, over på andre sida av steinen. Seinare, i 2021, er han flytta endå lenger ut mot elva, til den nye Riksveg 9 som me susar forbi på i dag.

Heddessteinen

Både Heddesteinen og ein anna bautastein litt lenger nord på Hedde – ei steinpil – er minne etter Skjoldmøyane, dei vidkjende kvinnelege krigarane. Dei kasta steinane etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal for tusen år sidan og ville kristne sæbyggjane.  

Kjelder

Postvegen – Valle

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Frutti Frøyrak si grav
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva
Storrvollhuset – Frøysnes
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Minne kultursenter – Åseral
Einerkilen urangruve i Evje
Stigemo, Skomedal
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Gjerden – Bykle
Postvegen – Fosslid
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva