Den gamle Setesdalsvegen ved rasteplassen på Syrtveit. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Aust for Riksveg 9 forbi Syrtveit rasteplass ligg framleis eit langt strekk av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen.

Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord kom i bruk som stadnamn etter at Setesdalsbanen var opna.

Tettstaden Evje blei til

Den svære verksemda Evje Nikkelverk starta opp i 1873. I 1877 kom det bru over Otra mellom Birkeland i Hornnes og Evje. Tettstaden Evje byrja å vekse fram. Det var då ikkje lenger naturleg å ha hovudvegen vidare oppover i dalen på vestsida av elva. Det kom difor fort opp forslag om å bygge ny hovudveg på austsida av Otra. Han skulle gå frå Birkelandsbrua om Evje prestegard og Syrtveit til Vassend, skriv Leonhard Jansen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, s. 63. Arbeidet med vegen tok til tidleg på 1880-talet. I 1887 var han køyrande. Han blei avlevert i 1889.

Stykket held fram under biletet

Del av vegen bygd opp i terrenget med store steinmurar. Foto.
Gamlevegen er mange stader bygd opp i terrenget med store murar. Foto: Geir Daasvatn

Etter at Setesdalsbanen var lagt ned i 1962, fekk bygdene oppover langs banen ein «kompensasjonsveg» til erstatning for jernbanen. Denne nye vegen, dagens Riksveg 9, kom forbi Evje i 1966 og fram til Byglandsfjord i 1968. Der susar me avgarde i dag, sikkert som oftast utan ein tanke om at rett ved sida ligg eit fint kulturminne – den første køyrevegen mellom Evje og Byglandsfjord.

Korleis finn du vegen

Straks etter at du har passert Syrtveit fiskeanlegg på veg nordover, kan du sjå ein litt attgrodd veg på høgre side av riksvegen. Det er den gamle traseen frå 1889, Riksveg 400 som han heitte mot slutten, som var i bruk heilt til 1968. Jernbanen, Setesdalsbanen, gjekk nærare Otra, om lag der Riksveg 9 ligg no. Du kan følge gamlevegen i fleire hundre meter nordover, til Pannekakehuset ved Fossberg og vidare til han munnar ut i Riksveg 9 igjen ved Døletorv.

Sjå også

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle