Sandnes skulehus er den vesle, gule bygningen som ligg langs bygdevegen når du kjem til Sandnes i Bygland sørfrå.
På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur.
Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var upraktisk. Lokala rundt om på gardane var ofte lite høvelege. Sokneprest Reidar Bollig har skildra det slik: «Folk tok til å samanlikne og skyna at umgangsskulen berre var ei tarveleg naudhjelp.» (Byglands soge, 1939, s. 343). Faste skular blei difor oppretta. I Bygland kom den første faste skulen i Bygland kyrkjebygd i 1844.
Sandnes skulekrins
Sandnes sokn hadde to skulekrinsar: Åraksbø krins og Sandnes krins med Frøysnes og Skomedal. Nokon år høyrde Frøysnes til Åraksbø.
Det gjekk lang tid før det kom eige skulehus på Sandnes. Etter den første faste skulen i Bygland kyrkebygd i 1844, kom det skulehus på Langeid, Tveit, Moi, Austad, Åraksbø, Skomedal, Jordalsbø, Lauvdal, Longerak og i Grendi.
Så, i 1893, var det krinsmøte i Sandnes skulekrins. Det blei vedteke å søke amtskassa (fylket) om 400 kroner i stønad til å sette opp skulehus. Krinsen skulle sjølv skaffe materialane. Stønad blei invilga i 1894, og skulen kunne endeleg bli bygd.
Skulehuset blei sett opp på grunnen til Søndre Sandnes bnr. 1. Det blei teke i bruk anten hausten 1894 eller våren 1895.
Ute av bruk 1924–1935
Det blei færre barn på Sandnes utover på 1900-talet. Skulen blei lagt ned etter vårsemesteret 1924. Barna gjekk i staden dels på skule i Åraksbø og dels over fjorden på Skomedal skule. Lærarar desse åra var Eivind E. Lande (1894–1914), Gunnar O. Sandnes (1914–1922) og Kristian Stubseid (1922–1924).
Barneflokken auka igjen!
I 1930-åra auka barnetalet på Sandnes. Skulen starta opp igen hausten 1935. Tor O. Sandnes var skulemeister frå 1936 til våren 1940. Hausten 1940 styrte Jørund Greibrokk skulen. Frå nyår 1941 var Jon Løyland lærar.
Så var det slutt
Då det kom til sommarferien i 1950 var soga om Sandnes skule til endes. Det var då sju elevar ved skulen. Eivind Ose («Stor-Eivind») hadde teke over som lærar etter Jon Løyland, og vart den siste læraren ved skulen.
Etter 1950 har skulestoga vore brukt som samlingshus på Sandnes. Som eit vakkert lite smykke, godt teke vare på, ligg den gule stoga der og minnar oss om ei tid som er forbi.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgeve av Bygland kommune, 2009, s. 38–42
- Reidar Bolling, Skulen, kapittel i Byglands soge, 1939, s. 333–365