Setesdalssida i godt driv på Facebook

Verdens største munnharpe Valle. Foto.

Setesdalssida på Facebook held dampen bra oppe, sjølv om det er blitt haust og aktivitetsnivået i Setesdal kanskje ikkje er like høgt som om sommaren. Facebooksida har på det meste hatt eit gjennomsnitt på rundt 4.900 menneske pr. dag som ser minst eitt innlegg på sida. For tida (siste 28 dagar) ligg rekkevidda på om […]

Bra besøk på Facebooksida i april

Brannmenn i Setesdal Brannvesen foran brannbilen sin. Foto.

I april har i gjennomsnitt rundt 4.740 personar sett innlegg på Setesdalssida på Facebook kvar dag. For heile 2022 var gjennomsnittet ca 3.690 pr. dag. Det er altså framleis ein fin auke i lesarskaren, og ei positiv utvikling. Pr. 30. april var det 9.741 medlemer i gruppa. Talet på medlemer aukar sakte, men sikkert med […]

Setesdalssida veks!

Setesdalssida.no er under oppbygging. I dag nådde me ein liten milepæl. Kulturminne nr. 100 blei lagt inn og kort presentert. Husmannsplassen Slengen i Valle vart nr. 100. Kulturminna ligg samla under stikkordet «Kulturminne» i hovedmenyen på framsida. Om du klikkar på det, kjem ein oversikt over alle kulturminna opp. Dei einskilde kulturminna finn du på […]

Turtips neste på Setesdalssida.no

Rita Flottorp i fullt firsprang på fjelltoppen Kleveknutten i Hornnes. Foto.

Det neste prosjektet på Setesdalssida.no er å lage ein seksjon med tips til fine turar rundt om i Setesdal. Visit Setesdal, kommunane i Setesdal (til dømes Valle), UT.no og fleire andre har nettsider med turforslag i Setesdal. Det er supert! Men ofte gjeld dette dei mest kjende eller spektakulære turløypene. Eg har ei innstilling til […]

Elg i vegbanen mest lest

Elg på Riksveg 9 i Valle. Foto.

Innlegga om mykje elg i vegbanen nordover i dalen var mest lest i gruppa vår på Facebook i januar. I takt med at Setesdalssida på Facebook får stadig fleire medlemer, synest det også å skje ein auke i kor mange visningar mange av innlegga oppnår. Dei innlegga med flest visningar i januar var to som […]

Setesdalssida held farten oppe!

To firehjulinger kappkjører. Foto.

Det var i gjennomsnitt 4.370 personar som såg innlegg frå Setesdalssida på Facebook kvar dag i januar (2.1.–29.1.). Gjennomsnittet for siste året er om lag 3.690 kvar dag. Det er altså ein god auke i antall personar som ser – og kanskje les 😱 – noko av det som blir lagt ut på sida. Den […]

Setesdalssida.no i gang for fullt

Geir Daasvatn, Huldreheimen, Bykle. Foto.

Etter iherdig jobbing ei tid med tekniske løysinger og webdesign, har me nå funne ei god form for nettsida vår. Eg har fått mi eiga «plattform» for å «framsnakke» Setesdal. Det er min gode ven Inge Fredriksen som set opp dei tekniske løysingane på sida, og finn ein utsjånad som kan høve. Han er ein […]

På topp på Setesdalssida på Facebook i desember

Otra ved Lunden i Valle. Foto.

Videoen me delte med skeiselauparen på Riksveg 9, David Manger på Flateland i Valle, er det mest viste innlegget i Facebookgruppa vår i desember. Innlegget er vist på skjermen hos nokon 8.831 gonger. Merk at det talet gjeld sjølve innlegget på Setesdalssida. Truleg er videoen vist mange gonger dette i sosiale media totalt. Videoen blei […]

Utvidar Setesdalssida.no steg for steg

Nå har min gode kompanjong Inge Fredriksen laga eit eige menypunkt på nettsida for «Vekas bilete». Klikk på strekmenyen oppe til høgre i biletet over her, så får du eit lite innblikk i korleis det fungerer. Alle desse «bilet-artiklane» vil då bli liggande under dette menypunktet, organisert kommunevis. Ved å klikke på kommunenamnet i den […]

Setesdalssida – stor rekkevidde i november

3 940 personar har i gjennomsnitt sett innlegg på Setesdalssida på Facebook kvar dag i november. Den beste dagen ligg på 5 000 personar, medan den svakaste er 2 900. Når me slår saman alle dagane, har 110 400 personar sett innlegg på Setesdalssida i november. Gøy at mange finn glede i sida! Det er […]

Setesdalssida – økonomi

Det har vore nokre spørsmål om korleis eg tenker å finansiere Setesdalssida.no. Her er ei lita utgreiing om det. Setesdalssida.no er eit privat tiltak, sett i gang av meg personleg. Kva som er motivasjonen min, kan du lese anna stad her på sida. Finansieringa er veldig enkel. Eg betaler nå i oppstarten alle utgifter sjølv. […]