Turistheimen er bygd i 1909. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift.
Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du også servering av heimelaga tradisjonsmat.
Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. Her er eit sjeldan bygnings- og kulturmiljø. Tvers over vegen for Turistheimen ligg den særmerkte Storstoga frå 1600-talet. Eit høgdepunkt om sommaren er det tradisjonsrike Ose Matmarknad.
Agder Overnatting ved Roald Klungland eig staden. Signe Røinås har drive verksemda i mange år, og står framleis for dagleg drift.
Sjå også
- Heimesida til Turistheimen
- Om Ose Turistheim hos Visit Sørlandet/Setesdal
- Om festivalbygda Ose hos Visit Sørlandet/Setesdal