Galtelandskanalen 7. april 2021. Foto: Geir Daasvatn

Galtelandskanalen, eit minne frå krigen

Dette var ein landbrukskanal som blei grave ut på Galteland i Evje under 2. verdskrigen, truleg i åra 1942–1944.

Ein tropp frå Arbeidstenesta utførte arbeidet. Jørg Godtredsen var med i arbeidet, og har fortalt mykje om det i kultursoga for Evje og Hornnes.

Det blei reist ein minnestein etter arbeidet, som ein framleis kan sjå i vegkanten langsmed FV-42 nord-vest for Galteland.

Stykket held fram under biletet

I berget rett ovafor steinen er logoen til Arbeidstenesta hogd inn. Lokalhistorikaren Sigmund Monen meiner logoen i berget er det eigentlege minnsmerket etter Galtelandskanalen, og at minnesteinen meir var for øving. Det kan heilt sikkert vere rett, for logoen i fjellet er meir forseggjort enn på steinen.

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand
Postvegen – Vennesla
Postvegen Kristiansand–Bykle
Postvegen – Evje og Hornnes