Bratt tilbyr friske opplevingar utandørs til einskildpersonar og grupper i Valle i Setesdal.
Ulike klatreopplevingar, fosserappelering, utleige av el-terrengsyklar og vinteropplevingar der du blir frakta på snøscooter til «setesdalsalpene» for skisport er bare noko av det selskapet tilbyr.
Hovudkvarteret er i Brattløa omtrent midt i Valle sentrum. Sommaren 2023 er også Turistinformasjonen her.
Stykket held fram under biletet
Via Ferrata
Selskapet tilbyr klatring i tre Via Ferrataer i Valle:
- Nomelandsfjellet, som seiast å vere Nord-Europas mest spektakulære Via Ferrata på sva
- Straumsfjell, Nord-Europas lengste og mest spektakulære Via Ferrata-rute
- Løefjell/Brokke, der du kan ta med heile familien på ei unik oppleving
Fleire aktivitetar
Det er også kurs i klatring og rappellering, utleige av el-sykkel så du kan oppleve Setesdal frå sykkelsetet og tilrettelagte turar av alle mogelege slag. I Brattløa i Valle sentrum er det spennande klatrehall.
Kvar sommar arrangerer Bratt Friluftsliv «Barnas Fjellsommar».
Du finn mykje meir informasjon på Facebooksida og heimesida til Bratt.