Steinen som markerer gravplassen til Frutti Frøyrak. Foto: Geir Daasvatn

Frutti Frøyrak si grav

Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland.

Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt.

Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i dag enn på Frutti si tid. Grava ligg nå under vatn. Ei stor steinhelle står oppreist nær staden der grava var. Steinen stod ved hovudenden av sjølve grava. Han blei seinare teken opp frå vatnet og sett på høgkant for å markere om lag kor grava hadde vore. Det stod også en stein ved fot-enden av grava.

I området der grava hadde vore vart det seinare, ved harving, funne ei ringspenne av bronse.

Du kan lese mykje meir om dette spennande og spesielle kulturminnet, og Frøyrak, i artikkelen om garden på Lokalhistoriewiki. Lokalkjende Tormod Tveitå har skrive den artikkelen.

Kjelder

Du vil kanskje også lese om

 

Fleire kulturminne

Byvegen i Åseral – Krokstean
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Lauvdalsodden
Skomedal skulehus – Bygland
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Postvegen – Ærekilen, Hodne
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Buret på Kyrkjevodden
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Blodsteinen – Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.