På Reimarmoen heilt nord i Valle kan du følge ei godt bevart sløyfe av den gamle setesdalsvegen gjennom idyllisk skogsterreng ved breidda av Otra.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 nådde vegen fram til Bykle kyrkje.
Reimarmoen
Over Reimarmoen (stykket her) blei vegen bygd i 1873. Reimarmoen er temmeleg flat. Det må ha vore ein ganske takknemleg plass å bygge veg, samanlikna med til dømes Gylii rett nord for Reimarmoen eller endå verre Byklestigen. Det er ei fin steinhellebru over ein liten bekk. Ellers er det stort sett «straka vegen». Nord på moen låg Valle kommune sin avfallsplass. Gamlevegen går forbi rett på utsida (vestsida) av gjerdet rundt søppelplassen.
Vegstykket var i bruk til 1964. Då blei vegen lagt om til om lag den linja Riksveg 9 har nå.
Stykket held fram under biletet
Korleis finn du vegen
Det er plass til å sette ned bilen der vegen tek til frå Riksveg 9 sør på Reimarmoen. Vegen er stengt med kjetting, så du må parkere før stengselet. Pass på å sette bilen slik at du ikkje hindrar andre i å kome fram.
I nord, ved Holebekk rett sør for Gylii, er det mogeleg å køyre nokre meter inn på vegen og parkere bilen.
Strekninga kan vel vere rundt 1,5 km vil eg tru. Du kan ha ein veldig idyllisk spasertur langs Otra her. Eg sykla heile vegstykket, så det går også fint.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 161 og kart nr. 25 bak i boka
- Artikkelen om gamle setesdalsvegen på Reimarmoen på Kulturminnesok.no
(med mange fleire bilete av vegen)