SetesdalBox Sauna – Honnevje

Badstua på Honnevje 21. februar 2023. Foto.

På den fantastisk fine rasteplassen langs Riksveg 9 nord for Valle sentrum kan du kombinere ein tur i badstua med ein oppfriskande dukkert i Otra. Setesdalbox Sauna ligg på Honnevje rasteplass, som er sagt å vere ein av dei aller finaste i Norge. Han ligg rett ved elva, i eit særs naturskjønt område. Om sommaren […]

Bratt Friluftsliv – Valle

Instruktørar frå Bratt Friluftsliv i fjellsida i Valle. Foto.

Bratt tilbyr friske opplevingar utandørs til einskildpersonar og grupper i Valle i Setesdal. Ulike klatreopplevingar, fosserappelering, utleige av el-terrengsyklar og vinteropplevingar der du blir frakta på snøscooter til «setesdalsalpene» for skisport er bare noko av det selskapet tilbyr. Hovudkvarteret er i Brattløa omtrent midt i Valle sentrum. Sommaren 2023 er også Turistinformasjonen her. Stykket held […]

Brokkestøylen glaskafé og glamping

Brokkestøylen med glasskafeen. Foto.

Staden byr på overnatting, mat og drikke med lokale spesialitetar og ulike spennande kurs og aktivitetar ute i naturen. Måltida på Brokkestøylen blir serverte i den vesle støylen frå 1850-talet, eller i det spesielle glashuset. Om natta søv du i eco-luksus domar rett ved bekken som renn forbi. Brokkestøylen ligg på Furestøyl, rundt fem kilometer […]

Galleri Systog Dale

Dei gamle bygningane på gardsbruket Systg Dale i Valle. Foto.

Kunstgalleriet er på Systog Dale, den eldgamle slektsgarden Margit Dale driv saman med mannen Frode Verpe i Oveinang i Valle. Galleri Systog Dale samarbeider med nokre av dei mest rennomerte kunstnarane i Norge. Dei syner 2–3 separatutstillingar kvart år. Kvar sommar og jul har dei utstillingar med kunst frå ei rekke ulike kunstnarar. Dei har […]

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen. Foto.

Gloppefossen er ein rundt 280 meter høg foss i Valle kommune. Han er ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho […]

Brokke-Suleskarvegen

Brokke-Suleskarvegen ved Roskreppfjorden.

Brokke-Suleskarvegen er den 42 km lange vinterstengte vegen som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal. Vegen vart opna i 1990, og er normalt open frå 20. mai til 1. november kvart år. Han går gjennom eit spektakulært høgfjellsterreng, med høgaste punkt 1050 meter over havet. Strekninga byd på […]

Sølvgarden – Rysstad

Sølvgarden Hotell utvendig. Foto.

Sølvgarden Hotell og Feriesenter er det spennande «eventyrslottet» langsmed Riksveg 9 på Rysstad. Hotellet er klassifisert til 4 stjerner, og campingen har 5 stjerner. Hotellet ligg rett ved Otra. Over på andre sida av elva stig Andenapen majestetisk mest rett opp. I elva kan du fiske, bade eller padle. Du kan leige både kano, båt/sykkelbåt […]

Honnevje raste- og badeplass

Honnevje raste- og badeplass i Valle. Foto.

Honnevje raste- og badeplass ligg idyllisk ved Otra, og langs Riksveg 9, om lag 2 km nord for Valle sentrum. Plassen har moderne toalettanlegg og gode høve for parkering av køyretøy. Det er varierte badeplassar, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Det er laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva. Store steinbord […]

Tveitetunet

Bygninger i Tveitetunet. Foto.

Tveitetunet er eit friluftsmuseum under Setesdalsmuseet på garden Tveiti i Valle. Museet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758–1837). Han møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå øvre Setesdal. Setesdalsmuseet kjøpte tunet i 1969, og eit stort restaureringsarbeid vart sett i gang. Ei løebygning blei sett opp, og museet fekk også hand om den gamle arrestbygningen på […]

Sylvartun

Sylvartun. Bygget utvendig. Foto

Sylvartun på Nomeland i Hylestad er gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Her kan du bli med på ei spennande reise inn i folkemusikken. Sølvsmeden er ikkje lenger på Sylvartun. Men folkemusikken lever, og gjestene vert tekne med på ei kulturhistorisk reise inn i folkemusikken. Unik kulturskatt Folkemusikkmiljøet i Setesdal er på mange måter unikt med slåttespel på hardingfele […]

Kulturpatrulja

Kulturpatrulja. Dans. Foto.

Kulturpatrulja er etablert for å bringe ekte setesdalskultur med stev, spel og dans frå unge lokale musikarar med glimt i auga ut til folket i sommarsesongen. Tiltaket vart starta etter initiativ frå Visit Setesdal og med økonomisk støtte frå Setesdalsmuseet. Folkemusikkutøvarar turnerer i dalen frå ultimo juni til primo august. Det er organisert som ein sommarjobb for dei, og […]

Setesdalsmuseet – Rysstad

Setesdalsmuseet sitt hovudbygg på Rysstad. Foto.

Setesdalsmuseet sitt hovudkvarter er på Rysstad, i museumsbygget som dronning Sonja opna i 1993. Museet er ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Setesdalsmuseet er «landets lengste museum», og har faste utstillingar i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland. Dagleg leiar er Hind Helene Harira. Ho tok over etter Leonhard Jansen frå hausten 2023. Leonhard hadde igjen overteke stillinga etter Anna Stella Karlsdottir i august […]

Marhyl – Hylestad

Badeplassen Marhyl i Otra. Foto.

Marhyl eller Marhøl er den fine badeplassen i Otra, rett ved Otra Kraft sitt hovudkvarter på Nomeland, om lag tre kilometer nord for Rysstad. På austsida av Riksveg 9 er det opparbeidd ein grei parkeringsplass. Så er det nokre meter å gå frå parkeringsplassen ned til badeplassen. Her er det både svaberg og sandstrand. Plassen […]

Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Rygnestadtunet, Valle. Foto.

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving. Ja, eg vil påstå at endå om […]