Byglandsfjord stasjon 2. februar 2020. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjord stasjon

Byglandsfjord stasjon var endestasjon for Setesdalsbanen.

Stortinget fatta i 1889 vedtak om å bygge jernbane mellom Kristiansand og Setesdal. Banen vart
bygt som smalspora, både fordi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng.

Kong Oskar 2. tok det første spadetaket i 1891, og i 1895 kunne ein ta til med køyring mellom Kristiansand og Hægeland med folk og gods.

Den 25. november 1896 var det høgtideleg opning på endestasjonen ved enden av Byglandsfjorden.

Stasjonsbygget er oppført i såkalla dragestil, og var sett opp av tømmer for å stå i stil med byggemåten i Setesdal. Arkitekten var Paul Due. I tillegg til stasjonsbygninga er det fleire andre bygningar på området.

Byglandsfjord stasjon med bygningar og stasjonsområdet er freda som kulturminne av Riksantikvaren, og var Bygland kommune sin tusenårsstad.

Kjelde

Sjå også

Fleire attraksjonar

Brokkestøylen glaskafé og glamping
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden
Vatnedalsdammen
Setesdalsmuseet – Rysstad
Ose Turistheim
Galleri Systog Dale
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bossvassdammen
TrollAktiv – Evje
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!
Sølvgarden – Rysstad
Reiårsfossen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.