Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Postvegen – Bjørnarå

Gamlevegen rundt fjellknausen sør for SessaneOtra djupt under til venstre. Foto.

Frå husa på Bjørnarå og vestover forbi Hågås er det mange merke etter den første køyrevegen som blei bygd på 1870-talet. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte […]

Dalevegen – Hågås på Bjørnarå

Dalevegen i skogen ved Hågås. Foto.

På sørsida av Hågås på Bjørnarå er det tydelege spor etter den gamle Dalevegen, ridevegen mellom Bykle og Valle før det kom køyreveg på 1870-talet. Dei som budde ovanfor Byklestigen tok gjerne vegen over heia frå Rygnestad til Stavenes. Dei kunne òg følge elva forbi Byklestigen. Men den vegen var det vanskeleg å frakte noko […]

Postvegen – Båsbrokka i Bykle

Den gamle køyrevegen ved Båsbrokka slyngar seg gjennom skogen 11. oktober 2024. Foto.

Mellom Bjørnarå og Optestøyl i Bykle, ved Båsbrokka langs Trydalsbekken, er den gamle Postvegen fint restaurert til ein idyllisk turveg. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis […]

Postvegen – Hoslemo

Gamlevegen på Hoslemo 27. september 2024. Hoslemo-gardane bak trea bak i biletet. Foto.

Forbi Hoslemo i Bykle gjekk den gamle Postvegen først over den vakre Hoslemobrua og så vidare bak der Hoslemo Camping ligg no. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle […]

Frøyrak gamle brygge

Frøyrak gamle brygge 8. oktober 2024. Foto.

Frå 1867 til 1905 var det dampbåtbrygge på Mørkenesodden på Frøyrak. Brygga var ei steinfylt tømmerkiste, og Mørkenesodden (Odden) var landfast. Ho vart brukt av damprutebåten Dølen frå 1867 og av både Dølen og Bjoren frå 1897 til fjorden vart stemd opp i 1905. Brygga står som oftast under vatn. Men nå i byrjinga av […]

Det første kraftverket på Hovden

Restar etter kraftanlegget nede ved Otra 30. september 2017. Foto.

Det kom kraftverk på Hovden alt i 1937, då det første Hovden Høyfjellshotell blei bygd. «Då Hovden Høyfjellshotell opna sommaren 1937, så var det eit luksushotell av dei sjeldne», skriv historikar Johnny Haugen i ein stor artikkel om hotellet i Setesdal og setesdølar, årsskriftet for Setesdal Sogelag (2015, s. 70–80). Det var ikkje offentleg straum […]

Postvegen – Bakken

Postvegen forbi Bakken 6. juni 2020. Foto.

Forbi Bakken, ved botnen av Gylii, heilt nord i Valle, ligg ei godt bevart sløyfe av den gamle setesdalsvegen løynd i skogen. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle […]

Postvegen – Heddessteinen

Den gamle Postvegen frå 1840-talet forbi Heddessteinen 17. august 2024. Foto.

På Hedde i Hylestad gjekk Postvegen forbi på oppsida av den svære Heddessteinen. «Postvegen» blei han altså kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og kløvhestar, […]

Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen

Svær steinfylling på den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra 22. september 2024. Foto.

Rett sør for Ærekilen på Vestre Hodne, heilt sør i Hornnes, gjekk den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra og rundt ein kolle før han kom fram til kilen. Det var tyskerane som bygde ny setesdalsveg her i 1940. Fram til då hadde vegen – det me gjerne kallar Postvegen – svinga vestover ved Pederstjønn. Han gjekk […]

Postvegen – Moen gamle bru

Den gamle steinhellebrua i Moen 31. august 2024. Foto.

Moen gamle bru er eit fint lite minne om den første køyrevegen forbi Moen, som kom under Byklestigen i 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis […]

Postvegen – Hestevelt til Kroni

Kleiva frå Riksveg 9 oppover mot Hestevelt 31. august 2024. Foto

Vegen forbi Hestevelt og Kroni var ein del av den første køyrevegen Valle–Bykle kyrkje, og kom rundt 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest […]

Setesdalsbanen – Homevassevja

Den vesle, men veldig vakre steinkvelvbrua på det gamle jernbanesporet i Homevassevja 1. oktober 2022. Foto.

Ved Homevassevja i Otra, på Vennesla-sida av elva, er det mange fine minne etter Setesdalsbanen. Den «første» Setesdalsbanen forbi Homevassevja stod ferdig i 1895. Seinare blei Iveland kraftverk med Gåseflå dam som magasin bygd på 1940-talet og framover. I samband med den utbygginga – som laga Gåseflåfjorden – måtte jernbanelinja hevast høgare opp i terrenget, […]

I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand

Botnen av Trebukleiva med Riksveg 9 til høgre. Foto.

Nord for Mosby gjekk den første køyrevegen oppover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, på vestsida av Riksveg 9 opp Trebukleiva til Nilsedalane. Vegen blei bygd i 1829. Då avløyste han den eldre Vestre Fjellmannsvegen, som var vegen setesdølane mykje hadde følgd fram til då når dei la ut på bytur. Den nye vegen kom opp Moldkleiv […]

Postvegen – Reimarmoen

Gamle setesdalsvegen langs Otra på Reimarmoen 5. september 2024. Foto.

På Reimarmoen heilt nord i Valle kan du følge ei godt bevart sløyfe av den gamle setesdalsvegen gjennom idyllisk skogsterreng ved breidda av Otra. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og […]

Postvegen – Kroni til Moen

Me ser gamlevegen til der han går oppover gennom skogen til Kroni. Motjønni til venstre og dagens Moveg til høgre. Foto:

Den første køyrevegen ned til Moen ved starten av Byklestigen kom rundt 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det […]

I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva

Auglandskleiva ved oppstiginga frå Mosby, på veg mot byen. Utsyn mot Mosby. Foto.

Rett sør for Mosby gjekk den første køyrevegen nordover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, høgt over der Riksveg 9 ligg i dag. Kleiva var beint fram livsfarleg! Auglandskleiva blei bygd i 1794, i fjellsida ned frå Brattretsheia. Augland på Norgeskart.no Den første køyrevegen nordover frå byen blei bygd 1721–1728. Med «køyreveg» forstår me då ein veg […]

I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal

Gamle setesdalsvegen ved Mølla 7. april 2024. Bak t.h. skimtar me Riksveg 9. Foto.

Frå Langelands mølle til Reiersdal i Øvrebø gjekk den gamle setesdalsvegen på vestsida av Langåna, der Riksveg 9 i dag går på austsida. «Mølla» er den idylliske eigedomen me ser på høgre hand ved søre enden av Langevatn, på veg sørover på Riksveg 9 mot Kristiansand. Her går riksvegen over Langåna på ei lita bru, […]

I fotspora til setesdølane – Buekleiv

Buekleiv med utsikt nordover mot Skottedalskleiva 18. juli 2024. Foto.

Buekleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Det er rett sør for den berykta Skottedalskleiva. Kleiva ligg rett nord for kommunegrensa mellom Kristiansand og Vennesla, og såleis i Øvrebø i Vennesla kommune. Den lettaste måten å finne fram til staden, […]

Gamle setesdalsvegen – Moen

Gamlevegen langs Stigahyl 20. juni 2024. Foto.

Den første køyrevegen forbi Moen, under Byklestigen, kom i 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. […]

I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø

Gamle setesdalsvegen i Vassåsdalen 15. august 2024. Foto.

I Vassåsdalen, den lange bakken frå Skarpengland oppover mot Sandripheia i Øvrebø, ligg to sløyfer av den gamle setesdalsvegen att langs bekken på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom på første halvdel av 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom […]

Gamle setesdalsvegen – Svåa

Gamle setesdalsvegen rundt Svåa 7. mai 2024. Utsikt mot Bykle kyrkjebygd. Foto.

Den første køyrevegen kom rundt Svåa i Bykle i 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. […]

Auglandskleiva bru – Torridal

Auglandskleiva bru 7. september 2019. Foto.

Brua er ei steinkvelvbru på den gamle setesdalsvegen på Augland i Torridal i Kristiansand. Auglandskleiva bru er 6 m lang og 3,5 m brei. Lysopning 3,5 m. Kara kviler på ein tømmerflåte. Setesdalsvegen blei bygd i 1794 på strekninga fra Øvre Strai til Mosby, først med ei trebru. Det var lenge tvil om når steinkvelvbrua var bygd. Men C14-datering av tømmerflåten […]

Postvegen – Kristiansand

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Kristiansand. I byen er det nok meir vanleg å tale om den gamle setesdalsvegen. Det er mest oversiktleg for meg å bruke det […]

Postvegen – Vennesla

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til dei stykka på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Vennesla. Her sør for Setesdal er det truleg meir vanleg å omtale vegen som «gamle setesdalsvegen» eller «byvegen». For mitt føremål er det […]

Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand […]

Postvegen – Evje og Hornnes

Den gamle vegen med steinmurar i Brennevinskleiva. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det vil seie gjennom Hornnes, for Postvegen går heile tida på vestsida av Otra på dette strekket. Spora etter […]