Birkelandsfossen i flaum 8. september 2014. Foto: Geir Daasvatn

Birkelandsfossen – flotingsmur

I Birkelandsfossen i Otra i Evje og Hornnes, på Hornnes-sida av fossen, ligg det att ein svær steinskjerm etter flotinga av tømmer på elva.

Muren stenger igjen to små opningar mellom to mindre holmar. Det var nok for at tømmeret ikkje skulle gå gjennom her og sette seg fast eller reke inn over land, og i staden bli leia ut i den breie fossen.

Del av muren inst mot land som er rast ut. Foto.
Lengst inn mot land er muren rast ut. Foto: Geir Daasvatn

I Andreas Vevstad si bok om fellesfløtinga i Otra er det opplyst om ein skråskjerm som blei bygd i Birkelandsfossen i 1904. Det må truleg vere den som er avbilda i stykket her.

Det var også sag ved Birkelandsfossen, eigd av Notto J. Birkeland. Men det er ei anna soge.

Birkelandsfossen på Norgeskart.no

Kjelder

Sjå også

Steinskjermen i fossen 8. september 2014. Det var stor flaum i elva, og vatnet trengte gjennom muren.

Fleire kulturminne

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
Futevegen – Syrtveit sør
Gamle setesdalsvegen – Moen
Dalemannsteinen – Fennefoss
Postvegen – Skorpetveit
Byklestøylane
Hoslemo gamle bru
Håvorstad sagbruk – Åseral
Systog Dale-loftet
Postvegen – Flateland bru
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Fjellskarbrua – Rysstad

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.