Bunkersen ved Lisletjønn. Foto: Geir Daasvatn

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen.

Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. Men verken hovudstillinga ved Byklestigen eller stillinga her ved Lisletjønn var fast bemanna med tyske soldatar under krigen.

I ein rapport om tyske forsvarsverk i Bykle kommune heiter det:

– Tyskerne la hovedtyngden av stillingene i Byklestigen vendt mot sør for å stoppe en fiende på veg mot Oslo fra sørlandskysten. I tilfelle en fiendtlig styrke kom fra nord var det ikke lagt opp til å forsvare stedet nevneverdig utfra en vurdering gjort i høsten 1942. Sannsynligvis har det etter kort tid blitt gjort en revurdering av det strategiske bildet med oppføring av en nordre flankestilling ved  Lisletjønn.

Type anlegg

Bunkersen ved Lisletjønn er ein mannskapsbunkers i armert betong og bølgeblekkseksjonar. I tillegg er det eit løpegravsystem i armert betong med maskingeværstilling rett ved bunkersen og to maskingeværstillingar i armert betong på andre sida av Nordbygdevegen.

Korleis kjem du hit

Frå Riksveg 9, rett sør for Bykle kyrkjebygd, svingar du vestover mot Nordbygdi og Bossvassdammen. Du kjem først forbi Storetjønn, og nokre hundre meter seinare til Lisletjønn. Her vil du sjå bunkersen mellom vegen og tjønna.

Sjå kart over området

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Frutti Frøyrak si grav
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Huldreheimen – Bykle
Holsloftet
Stampen i Homsåne
Nesodden gravrøys
Smia på Koland
Postvegen – Vennesla
Hoslemo gamle bru
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.