Før Postvegen si tid, før 1840-talet, gjekk ein gamal rideveg i Valle frå Kveste gjennom Andaskar til Tveiten.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på.
1700-talet: Ridevegar
Frå 1700-talet begynte ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i første rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den byen.
På den tida var det smått stell med køyreveg, er det sagt i Valle kultursoge (bind VIII, s. 290). Dei brukte føtene når dei ferdast langs vegane, kløvhest eller hest med slede om det var mogeleg. Slede blei brukt også på bar mark, men på vinterføre kunne ein få med eit større lass.
Til vanleg var setesdølane til byen i naudsynt ærend to gonger om året, etter haustonna og i mars månad. Heim var det mykje korn dei hadde med seg.
Då for dei langs småvegar og omvegar, brukte robåtar på fjordane og ferjer når dei måtte over elva, og kom seg til byen og heim igjen på det viset.
Det var ikkje bare ein veg som blei brukt, det fanst fleire alternative «dalevegar». Ein mykje brukt daleveg var Fjellmannsvegen på vestsida av Otra. Ein annan veg, som setesdølane også brukte, gjekk gjennom Evje og Iveland på austsida av elva.
Stykket held fram under biletet

Kveste – Andaskar – Tveiten
Det er spor etter dei gamle kløv- og ridevegane setesdølane ferdast etter mange stader mellom Kristiansand og Bykle.
Ein av stadene er mellom Kveste og Tveiten i Valle.
Det var ferje mellom Flårenden og Sandnes i gamal tid. Det var truleg også eit slags vegtråkk oppover langs Flåstrondi og forbi Sandnes. Men det må ha vore ein strevsam tur gjennom dei svære steinurene. Med hest og last valde dei truleg heller den lange omvegen gjennom Hylesdalen på vestsida av Otra som kom ned att i dalbotnen via Berg og Åmli.
Men om ein kom ridande eller gåande frå Sandnes til Kveste tok vegen bratt opp til høgre for gardstuna i Kveste og følgde Andaskaret opp til Tveiten. Andaskar er på austsida av Kvestekollen. Den seinare Postvegen (frå 1844) kom på vestsida av kollen.
Stykket held fram under biletet

Ridevegen svinga rundt lensmannsgarden i Nordigard Tveiten, som i dag er Tveitetunet museumsgard, og vidare nord til Åkre. Derfrå kroka vegen seg frå tun til tun nordover til Valle kyrkje.
Det er det første stykket, frå Kveste til Tveiten, eg har teke meg ein liten tur på her. Det er Kjell Ove Tveiten som har gjort meg merksam på dette fine vegminnet. Vidare nordover forbi Åkre opp til Valle kyrkje har eg ikkje kikka etter spor etter ridevegen. Det er greitt å ha nokre små prosjekt i bakhand til seinare.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2018, s. 149–153 og kart nr. 22 bak i boka
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 290 flg.
