Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveit og vidare opp til Vassend.
Det var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Futevegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei brukt mellom anna av futen i Råbyggelaget når han var ute på «tenestereise» oppover dalen. Futen heldt til på Nes i Herefoss. Eit anna namn var «Kyrkjevegen», fordi folk brukte han ned til Evje kyrkje.
Det korte stykket eg taler om her er vegen mellom den gamle jernbanelinja til Setesdalsbanen ved Tjoredalen noko sør for TrollAktiv gjennom skogen i nord-austleg retning, opp til Engedalen og dyrkamarka på Syrtveit. I dag er han mest som ein stig å rekne. Men om me kikkar nøyare etter, er det tydelege spor etter den gamle ridevegen.
Kart over området Tjordedalen–Engedalen–Syrtveit (Futevegen er den stipla linja ved Tjoredalen)
Vidare nordover gjennom Syrtveitgardane er spora etter vegen for ein stor del borte. Men nord for husa finn me dei att. Også forbi Kalveskinnsuppsa, når me er over i Bygland kommune, ligg eit fint stykke att av vegen.
Stykket held fram under biletet
Kan vere svært gamal
Kor gamal vegen faktisk er, veit knapt nokon. Men den lokale vegkjennaren Oddmund Mogstad meinte han kunne vere frå før-kristen tid, skriv Reidar Tveito i heftet sitt om ridesti og gamle vegspor rundt Byglandsfjord.
Avløyst av nyare vegar
Den gamle Futevegen var ein rotelagt veg, er det forklart i den glimrande boka om Postvegen og Riksveg 9. Bøndene plikta å halde vegen i stand for allmenn ferdsle. Han var i alminneleg bruk til rundt 1842. Om lag då kom det ny «hovudveg» nordover på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Gullsmedmoen. Den vegen blei nok av setesdølane vurdert som den greiaste å bruke etter det. Men den lokale trafikken mellom Evje og Vassend vil eg tru framleis for ein stor del gjekk her på austsida.
Stykket held fram under biletet
Fin sykkel- og spasertur!
Om du har lyst til å sjå dette fine vegminnet med eigne augo, er det praktisk å kombinere det med ein sykkeltur på den gamle jernbanelinja. Du kan sykle det korte stykket sørover frå TrollAktiv (under 1 km), eller ta ein lengre tur nordover frå Evje kyrkje (ca. 5 km).
Kjelder
- Jansen, Haugen, Røysland, Tallaksen: Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 84 og kart nr. 05 bak i boka
- Artikkelen om Futevegen mellom Evje og Vassend på Kulturminnesok.no
- Reidar Tveito: Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, 2017, s. 4–7
Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!