Ruinane etter Håvorstad sag på toppen av fjellskrenta 15. juni 2024. Sagbruket stod frå midten av biletet og utover mot høgre. Ei svær vassrenne gjekk oppover langs elva til venstre. Foto: Geir Daasvatn

Håvorstad sagbruk – Åseral

Rett nord for Håvorstadbrua, på austsida av Mandalselva, på garden Mjåland (gnr. 34 bnr. 3) sin grunn, finn me ruinane etter eit ganske stort sagbruk.

Det var ei større vassag som stod her, drive av ein lågtrykksturbin. Saga stod på toppen ei fjellskrent, som stupar mest loddrett ned i elva.

Stykket held fram under biletet

I enden av vassrenna står dette vasshjulet. Eg er omtrent blank når det gjeld teknikk, men det må vel vere turbinen det er tale om? Foto: Geir Daasvatn
Den oppmurte vassrenna  ned mot saga. Foto.
Den imponerande vassrenna nedover mot saga 15. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Sjølve sagbygningen er det få spor av i dag. Men murane bygget stod på er framleis der.

Vatnet kom frå eit fall i elva, og blei ført inn til kraftverket gjennom ein lang kanal på kanskje rundt 100–200 meter. Han er dels skoten ut i fjellet og dels murt opp med stein.

Denne kanalen – vassrenna – er for ein stor del intakt. Øvst oppe (lengst nord ved inntaket) ser ho ut til å vere sprengt ned i fjellet. Nærare kraftverket er ho murt opp på imponerande vis. Nokre korte strekk kan sidene ha vore av tre. Bare «midt på» er renna øydelagt av seinare vegbygging på Fylkesveg 455.

Lars O. Mjåland (1888–1965) på bnr. 3 på Mjåland starta byggiga av sagbruket.

– Men han reiste til Amerika før det blei ferdig. Lars Petterson (smed) og Bertin Stordal (snekkar) laga ein sugetut av tre, bolta fast i fjellet ut til turbinen. Det auka kapasiteten på arbeidet. Lars kom heim att, selde fallrettane og sagbruket blei nedlagd.

Astrid Nesland i Årsskrift Åseral Sogelag, 2006, s. 20

For eit strev arbeidet med å bygge anlegget må ha vore!

Kjelder

  • Astrid Nesland (etter Olav T. Tveit), Håvorstad sagbruk, Vassag, stykke i Årsskrift Åseral Sogelag, 2006, s. 20
  • Tarjei Liestøl og Torleif Eiken, Åseral gard og ætt, bind II, s. 406

Rett i nærleiken

Stor steinmur i vassrenna. Nærfoto.
Delar av vassrenna har svære oppmuringar. Imponerande arbeid! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven