Gamle setesdalsvegen i Vassåsdalen 15. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø

I Vassåsdalen, den lange bakken frå Skarpengland oppover mot Sandripheia i Øvrebø, ligg to sløyfer av den gamle setesdalsvegen att langs bekken på austsida av Riksveg 9.

Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom på første halvdel av 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom vegen i åra 1829–1833.

Denne første køyrevegen svinga innom der sentrum på Skarpengland er nå. Det er ei fin, men nyare, steinkvelvbru som syner kor vegen gjekk. Så heldt han fram gjennom der byggefeltet Vormbrokka nå ligg.

Bratt oppover til Sandripheia

Frå Vormbrokka kan me følge den gamle køyrevegen oppover først ei lang strekning, og så noko lenger oppe i bakken eit lite strekk til. Det var ei tung økt å kome opp her, både for hest og mann. Oppe på toppen av bakken, på Sandripheia, svinga vegen svakt mot høgre (mot aust) og innom garden Med Tjønna. Vegen forbi der har eg skildra i eit anna stykke.

Vegen her blei som sagt bygd tidleg i 1830-åra. Han blei utvida i 1840-åra og i 1880-åra. Han var i bruk heilt til 1963. Då kom «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen, og me fekk den flotte vegen som i dag er Riksveg 9.

Stykket held fram under biletet

I heile kleiva ligg den gamle vegen rett ved sida av Riksveg 9. Bare ein liten bekk skil. Foto: Geir Daasvatn

Krangel i Vassåsdalen!

I Hægelandsboka er det mange soger om setesdølane på bytur. Langt frå alle er like fordelaktige. Ei av sogene (s. 253) omtalar Salve Håresland (f. 1762). Han var kjempesterk. Ein gong hadde han eit heftig møte med setesdølane nettopp i Vassåsdalen:

Ein vinterdag med mykje snø stod der ei rekke med setesdøler midt i Vassåsdalen. Dei kom frå byen, var fulle og larma og kytte. Salve og 2 andre karar kom ovantil og skulle til Mosby med lass. «Kan me få hale vei?», spurde Salve.

«Nei!» svara setesdølene. «Køyr ut sjave – vesalpinnar – blåmenner.»

Dette lika ikkje Salve. Han tagg seg ei stor, god skrå, gekk bort til setesdølene og tok den fyrste hesten og kasta han på ryggen i draget. Slik gjekk det med den andre og den tredje og, men då ropa dølene:

«Ai – ai – bia no – de skal få veg!»

Kart over området

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, 2000, s. 186
  • Jon Åsen, Hægelandsboka III, Kultursoga, 1967, s. 203 flg.
  • Artikkelen om gamle setesdalsvegen på Kulturminnesok.no

Lenker

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand