Restar etter tredammen ved Hovatn 26. mai 2025. Foto: Geir Daasvatn

Koparverksdammen – Hovatn

Koparverksdammen var ein stem Sæthersdalens Kobberværk sette opp i Hovatn i Bygland rundt 1845.

Sætherdalens Kobberværk var ei svær industriverksemd som var i drift bare nokre få år på slutten av 1840-talet. Det var gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og i Bøgruva i Valle og smeltehytte i Åraksbø. Tiltaket enda i dundrande konkurs.

Dammen

Damstaden var 100–200 meter nordover i Hovatn frå der Hovassdammen har ligge sidan 1916.

Dammen skulle sikre jamn tilgang av vatn i Hovassåna, som koparverket nede i Åraksbø var avhengig av til drifta av maskineriet ved verket. Dammen var ikkje høg, truleg bare 1–2 meter. Han ser ut til å ha vore ein bukkedam, der treveggen var støtta opp av skråstag i framkant.

Hovatn og landskapet rundt var annsleis på 1840-talet enn det er i dag. Vasstanden kan vere opptil fem meter høgare no. Vatnet har eit større areal. Den gamle trestemmen gjekk difor over ei mykje kortare strekning enn kva som blei naudsynt då vatnet seinare blei regulert til kraftmagasin.

Når Hovatn er nedtappa, kan me framleis sjå restar av dammen.

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Dalemannsteinen – Fennefoss
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
Storrvollhuset – Frøysnes
Byglandsfjord dampskipsbrygge
Hannås jernbanebru – Hornnes
Postvegen Uppstad–Flårenden
Byglandsfjord gamle dam
Bøgruva – Valle
Slengen – Rygnestad

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.