Ljosland kapell er ei kyrkje på Ljosland i Åseral, bygd i 1959.
Kyrkja er rektangulær og bygd i tre. Arkitekt var A. Erikstad.
Kyrkja har 95 plassar.
Altertavla er «Jesus på korset» av Ottar Helge Johannessen (1959) og eit kors i tre med glassmosaikk. Preikestolen er i tre og laga av Tveitestøl og Roland i 1959. Også døypefonten er i tre. Kyrkjeklokka er frå 1959 og laga av Olsen Nauen.
Kjelder
- Alf Henry Rasmussen: Våre kirker, 1993
- Artikkelen om Ljosland kapell på Setesdalswiki