Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]
Vakre Hornnes kyrkje frå 1828

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes. Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet blei utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 […]
Postvegen – Flåstrondi

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]
Loftet på Nomeland Der oppe

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Det ligg rett ved Riksveg 9, på vestsida av vegen, og er lett å sjå når du er forbi der. Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at […]
Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kyrkje er ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja er i 2025 open kvar dag 24. juni–10. august kl. 10-16. Gratis inngang. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, […]
Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]
Postvegen Uppstad–Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. Men verken hovudstillinga ved Byklestigen eller stillinga her ved Lisletjønn var fast bemanna med tyske soldatar under […]
Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]
Buret på Kyrkjevodden

Kyrkjevoddenburet er eit mellomalderbur på Kyrkjevodden under Åknes ved nordre enden av Lognavatn i Åseral. Buret er tidfesta til 1600-talet, 1. kvartal (1620). Grunneigar er Trond Egil Åknes. Bygningskulturen i Åseral skil seg frå den ein finn i andre kommunar i Vest-Agder, heiter det i Kulturminneplanen. Det er særs mange bur som framleis eksisterer. Skraddarburet i Austegard er det mest sagnomsuste, […]
Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Tamreindrifta tok slutt i 1978. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen. Ei […]
Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen. Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit […]
Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]