Noko av Postvegen forbi Flåstrondi 26. november 2018. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Flåstrondi

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844.

Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal.

Vegmiljø

Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart veglina for ras og steinsprang.

Det blei gjort store utbetringar på 1930-talet. I 1973 kom det ny bru over Kveasåne. Det var den tredje brua der.

Den siste ombygginga skjedde rundt 2003–2004. Då blei vegen flytta delvis ut i vatnet. Alle dei tidlegare vegane er synlege innanfor dagens Riksveg 9.

Ta ein kikk!

Ovafor Riksveg 9 langs Flåstrondi kan du sjå mange spor etter den gamle Postvegen. Sør for Kveasåne kjem ein liten stubb av vegen opp frå der det var brygge for ferja fram til den første brua i Flårenden kom. Vegen held fram noko høgare oppe i lia enn der den gamle setesdalsvegen ligg. Ved Kveasåne er det gamle brukar. Frå brua og nordover på oppsida av Kveasåne kraftverk står store delar av dei gamle steinmurane etter vegen att i dalsida.

Stykket held fram under biletet

Kleiv med stabbesteinar på den gamle Postvegen langt nord langs Flåstråndi. Foto.
Spennande vegminne langt nord langs Flåstrondi! Foto: Geir Daasvatn

Eit stykke lenger nord, høgt oppe i lia bak den svære rasvollen, ligg ei heil kleiv av gamlevegen igjen i skogen som eit fantastisk minne om tida som ein gong var.

Kulturminnesok.no er alle dei gamle vegtraseane langs Flåstrondi merka av på kartet. Zoom deg inn til Flåstrondi. Der kan du gå inn på kvart enkelt kulturminne, og få fleire opplysningar og sjå mange fleire bilete av gamlevegen.

Ivar Aasen kom som ein av dei aller første forbi på den nye vegen 26. november 1844, truleg til hest. Du kan ta ein aldri så liten nostalgisk vandretur langs den same vegen!

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland