Den gamle steinhellebrua i Moen 31. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Moen gamle bru

Moen gamle bru er eit fint lite minne om den første køyrevegen forbi Moen, som kom under Byklestigen i 1879.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 kom vegen endeleg fram til Bykle kyrkje.

Mobrua

Forbi Moen kom denne første kjerrevegen altså i 1879 eller rett før. Då hadde han først gått rundt Trydalstjønni, forbi Hestevelt og Kroni og ned til Moen på sørsida av Motjønni.

Moen gamle bru – hovudvegen gennom Setesdal i over 60 år. Foto: Geir Daasvatn

Rett før husa i Moen måtte vegen førast over ein liten bekk. Der blei det bygd ei lita og svært enkel steinhellebru, som eg her har kalla «Moen gamle bru». Reidar Tveito kallar ho «Mobrune». På Kulturminnesøk er dei inne på at namnet kan vere «Stigemoen bru». Kva som enn måtte vere det formelt rette namnet, så var ho i bruk heilt til det kom ny veg ned til Moen, og ny bru over bekken, rundt 1940.

I over 60 år var dette vesle kunstverket altså ein del av hovudvegen i Setesdal!

Kjelder

  • Artikkelen om Moen (Stigemoen) gamle bru på Kulturminnesok.no
  • Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, s. 199
  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 178–180

Lenker

Fleire stykke om Postvegen/første køyrevegen i Bykle

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal