Gamle postvegmurar ved Straumen, på austsida av Storstraumen. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Storstraumen

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland.

Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset til Åraksbø, svinga vegen seg noko nordover og fram til ferjestaden som fekk namnet Straumen. Me må her hugse at det var korkje bru eller sluse ved Storstraumen på denne tida. Dei vegfarande måtte ferje seg over til Straumsland på andre sida av Storstraumen.

Stykket held fram under biletet

Straumen. Me ser restane etter Postvegen der han kom ned til ferjestaden. Foto: Geir Daasvatn

Ferjemann

I 1844 blei det tilsett ferjemann. Han heitte Knut A. Moi, men seinare Knut Straumen. Han fekk sitt eige, vesle hus på odden her.

Stykket held fram under biletet

Gamle hustufter i Straumen. Dei må vel vere etter huset til ferjemannen. Foto: Geir Daasvatn

Over på vestsida, på Straumsland, heldt Postvegen fram vidare nordover nærare fjorden enn Riksveg 9 går i dag. Her kan me følge den gamle vegen eit godt stykke forbi hyttene på staden, og gjennom skogen til han forsvinn igjen inn under dagens Rv-9.

Stykket held fram under biletet

Me kan greitt sjå kor den eldste traseen til Postvegen gjekk gjennom skogen på Straumsland. Oppe t.v. i biletet skimtar me Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

Bru i 1858

I 1858 blei den første brua over Storstraumen, ei plankebru, bygd. Traseen til Postvegen blei då lagt noko om, til meir i området der Rv-9 går i dag.

Kart over området

Kjelder

  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 110–115 og kart nr. 12 og 13 bak i boka

Fleire artiklar om Postvegen

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle