Gamlevegen i Kalveskinnsuppsa 11. september 2023. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa

Ved Kalveskinnsuppsa i Vassend står framleis ein liten stubb igjen etter den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord.

Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord kom i bruk som stadnamn etter at Setedalsbanen var opna.

Tettstaden Evje blei til

Den svære verksemda Evje Nikkelverk starta opp i 1873. I 1877 kom det bru over Otra mellom Birkeland i Hornnes og Evje. Tettstaden Evje byrja å vekse fram. Det var då ikkje lenger naturleg å ha hovudvegen vidare oppover i dalen på vestsida av elva. Det kom difor fort opp forslag om å bygge ny hovudveg på austsida av Otra. Han skulle gå frå Birkelandsbrua om Evje prestegard og Syrtveit til Vassend, skriv Leonhard Jansen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, s. 63. Arbeidet med vegen tok til tidleg på 1880-talet. I 1887 var han køyrande. Han blei avlevert i 1889.

Stykket held fram under biletet

Fra gamlevegen ser me nordover mot Vassend. Foto: Geir Daasvatn

Kalveskinnsuppsa

Kalveskinnsuppsa i dag er den bratte skjeringa på austsida av Riksveg 9 ved den fine rasteplassen i Vassend. Altså i området der det for ikkje så alt for mange år sidan var ein bomstasjon. Her gjekk den første køyrevegen litt oppe i lia, nokre meter ovafor der Riksveg 9 ligg i dag. Setesdalsbanen kom fram til Byglandsfjord i 1896. Jernbanelina låg lågare nede mot elva, om lag der Rv-9 går nå. Det er flotte bilete i Reidar Tveito sitt glimrande lokalhistoriske hefte Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, s. 56 og s. 58, som syner korleis vegen og jernbanelina gjekk forbi Kalveskinnsuppsa, side om side.

I 1966 blei vegen mellom Evje og Byglandsfjord utbetra. Arbeidet var ein del av «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen i 1962. Då blei store delar av Kalveskinnsuppsa sprengt bort «i ein einaste stor smell», skriv Reidar Tveito i heftet sitt.

Eit fint vegminne

Men nokre meter oppe i fjellet ligg framleis eit bra stykke av vegen igjen, som eit minne om korleis Riksveg 400 var bygd og såg ut i si tid. Vegstubben blei rydda i 2017, og igjen nå for ikkje så lenge sidan. Du kan sette ned sykkelen, eller parkere bilen, på den svære asfaltflata etter den nedlagte bomstasjonen. Derfrå kan du lett ta deg opp til gamlevegen og sjå nærare på dette fine kulturmnnet.

Sjå også

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland