Rygnestadloftet. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestadloftet

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle.

Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det er verdsett for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar.

Forsvarsbygg?

Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte opp i holtet nokre ti-metre ovafor loftet og som ein kunne rømme gjennom.

Stykket held fram under biletet

Andre etasje i loftet 4. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Første etasje, bursdelen, blei brukt til lagring av matvarer. Her står også ei seng. Andre etasje var til lagring av klede, tekstilar og finare gjenstander. Etasjen har ein svalgang. På baksida er det utbygg for ein såkalla «hemmelighet», ein do som var åpen ned til bakken. I Setesdal er det ikke kjent andre eksempler på do i utbygg i svalgang.

Loftet er eit praktbygg og fungerte som statussymbol, men var i første rekke ein bygning oppført for praktiske formål.

Sjå også

Kjelder

Fleire kulturminne

Vakre Hornnes kyrkje frå 1828
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Homme og Tveitebø skulehus – Valle
Gravfeltet på Moi – Bygland
Kjetsåbrua – Hornnes
Huldreheimen – Bykle
Postvegen – Moi
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Skraddarburet – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Kjeddingsteinen – Åseral