Steinskjermen ved Sanden Såre 5. juli 2017. Foto: Geir Daasvatn

Sanden Såre – flotingsmur

I Otra ved Sanden Såre nord i Valle ligg ein av dei utallige flotingsmurane og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva.

Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg frå Bykle til Kristiansand. Men frå rundt 1930, og spesielt etter 2. verdskrigen, kom lastebilane og tok gradvis over transporten.

Eg skal ikkje gå nærmare inn på denne svære verksemda her. Ho er grundig fortald mellom anna i Andreas Vevstad si bok Fosskarane og Åna, som Fellesfløtningen i Otra gav ut i 1999. Eg vil heller tid om anna vise nokre bilete av anlegga som står att etter flotinga. Eg samlar dei under stikkordet «Floting». Så er dei lette å finne att her på Setesdalssida.no for den som måtte interessere seg for slikt.

Langs heile Otravassdraget ligg det altså framleis att svære steinmurar eller tømmerskjermar til minne om flotinga. Dei var meint å lette flotinga, ved å styre tømmerstokkane slik at dei ikkje la seg inn på land i viker og kilar. Ein av desse murane ligg ved breidda av Otra på Sanden Såre, på garden Lunden sin grunn, langt nord i Valle.

Sjå også

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle