Sandnes kyrkje ligg vakkert plassert på Gunnulvshaug. Foto: Geir Daasvatn

Sandnes kyrkje – Åraksbø

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland. Ho har opphaveleg stått på Sandnes.

Kyrkja er lafta i tre, og panelt utvendig. Ho har rundt 200 sitteplassar.

Bygd på Sandnes

Kyrkja er altså bygd på Sandnes i 1844. Byggmeisteren var Anders Torson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren».

Flytta til Åraksbø

Frå 1884 kom det stadig søknadar om å flytte kyrkja til Åraksbø, tre kilometer lenger nord. Tyngdepunktet av folkemengda var der. Det oppstod ein stadig meir tilspissa strid mellom oppsittarane i Åraksbø på den eine sida og på Sandnes og Frøysnes på den andre.

I 1935 bestemte Kyrkjedepartementet omsider å flytte kyrkjestaden til Haugen nordre, i Åraksbø. Den åttekanta tømmerbygninga blei då straks demontert og materialane flytta på isen nord til Gunnulvshaug i Haugen.

Flyttinga av Sandnes kyrkje var svært kontroversiell. Bygdefolket på Sandnes tykte det var vondt å miste kyrkja, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. 11. oktober 1935 blei kyrkja vigsla. Ingen frå Frøysnes og Sandnes møtte opp. Dei sette i staden opp eit kapell på den gamle kyrkjetomta, som stod ferdig hausten 1940.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, s. 259–260
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, s. 30–38
  • Aasmund Eldhuset, Jubileumsskrift – Sandnes kyrkje 150 år, 1994
  • Artikkelen om Sandnes kyrkje på Setesdalswiki

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle