Åmdalskleiva på den første Dalevegen
Åmdalskleiva var ein bratt bakke på kløv- og ridevegen setesdølane for langs når dei var på bytur før det kom køyreveg for hest og vogn. Åmdal er ein gard i Hægeland, litt vest for Riksveg 9. Her passerte den Austre Fjellmannsvegen, som Dalevegen mykje er blitt kalla lenger sør enn Setesdal. Han kom då sørover […]
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Skottedalskleiva var ein lang og vidgjeten bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Ein eldre køyreveg i kleiva blei bygd rundt 1832. Attgrodde restar av denne første vegen kan me framleis finne på austsida (nedsida) av kleiva slik ho ser ut i dag. Stykket […]
Åraksbø kraftverk
Åraksbø kraftverk var eit privat føretak, eit lutlag med eit styre, ved Hovassåna i Skrikarjuvet frå 1922 til 1939. Kraftverket skaffa straum til gardar og hus i Åraksbø og på Sandnes. Det blei bygd ein stor betongdam i Hovassåna, nokså rett aust for husa på Nordenå. Frå dammen gjekk det ei røyrgate ned til vassturbinen […]
Nyestog – Rygnestadtunet
Nyestog er den «yngste» delen av stogehuset i det som i dag er Rygnestadtunet i Valle. Men ho er ikkje så veldig ung, ho er truleg bygd rundt år 1590! Huset høyrde til gardsbruket Nordigard Rygnestad. Det var garden til Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Han fekk sett opp stogehus og loft ca. 1590. Ut frå kjeldene må dette […]
Gravfeltet på Moi – Bygland
På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar. Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4. Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. […]
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Nord-vest for Einang ligg i fin, gamal vegsløyfe etter den første køyrevegen skjult inne i skogen på vestsida av Riksveg 9. Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg, er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. Dette er såleis eit veldig spennande område å kikke etter gamle vegspor i, for […]
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Heddeviki var ein husmannsplass litt opp i den bratte i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden […]
Skore – gamlevegen
Den gamle gardsvegen opp til Skore i Bygland finn me framleis i lia mellom fjorden og Tveitan, den store sletta eit lite stykke nedanfor husa på garden. Det gjekk, iallfall frå 1700-talet, ein «Allmannaveg» eller «Daleveg» (ein rideveg) forbi Skorsura nede ved fjorden. Den gamle gardsvegen frå fjorden opp til Skore må vere framhald av […]
Bygdeborga på Slottbakkfjell
På Slottbakkfjell ved Birketveittjønna nær kommunesenteret Birketveit i Iveland ligg restane etter svære borgmurar i ei bygdeborg. Ekspertane trur bygdeborgene var forsvarsanlegg. Slottbakkfjell er bratt og tildels stupbratt mot nord-nord/vest og aust-sør/aust. På dei andre sidene er hellinga svakare. Borgmurane blei difor sett opp der. Mellom to mindre kollar mot nord-vest er det eit trongt […]
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend. Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei […]
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Surtedalskleiva var ein bratt bakke på den gamle hovudvegen mellom Kyrkjebygd og Kristiansand. Byvegen over Bygdeheia blei bygd som køyreveg (for hest og kjerre) i 1830-åra. Men etter kvart forfall han til ride- og sledeveg. Vegen var i bruk som hovudveg til Kristiansand til 1879. Då kom den nye mandalsvegen fram til Åseral. Det innleidde […]
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Ved Byklestigen, på begge sider av Bykil, bygde tyskerane opp eit sterkt sperreanlegg under andre verdskrigen. Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg […]
Bjoneskleivi – Bykle
Bjoneskleivi, eller bare Kleivi som det står på kartet, var ein bakke på den gamle setesdalsvegen mellom husa på Bjones og Byklebrua. I 1879 kom det endeleg køyreveg for hest og vogn fram til Bykle kyrkje. Då hadde vegarbeidarane strevd seg forbi det vanskelegaste stykket av alle, Byklestigen. Vegen i Bjoneskleivi blei bygd på same […]
Skjevrak brygge – Bygland
Brygga er sagt å vere bygd i 1915. Det var tidlegare andre brygger på staden. Skjevrakbrygga blei brukt av damprutebåtane Dølen og Bjoren, som gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden og Åraksfjorden frå 1867 (Dølen) og 1897 (Bjoren). Bjoren gjekk først, frå 1867, på Kilefjorden. Dampbåtane vart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen rundt 1930. Men med […]
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842. Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. […]
Postvegen – Moi
På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen. «Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og […]
Futevegen – Klevelandskleiva
Klevelandskleiva var ein lang og bratt bakke på den gamle Futevegen, «hovudvegen» frå Evje austover mot Herefoss og Arendal fram til 1840-talet. Futevegen heldt også fram nordover frå Evje gjennom Bygland til Valle, men gjerne under anna namn. Det lyt vere til ein annan gong. Eldre enn reformasjonen Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er […]
Riksveg 400 – Skomemoen
Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]
Frutti Frøyrak si grav
Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland. På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt. Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i […]
Flatelandsmoen – Gjøvdal
På Flatelandsmoen på Jørundland i Gjøvdal ligg eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida. Her er hustufter, gravrøyser og rydningsrøyser. Det skal vere eitt av dei mest komplette gardsanlegga i Sør-Norge. Garden blei truleg rydda i folkevandringstida (400–600 e.Kr.). Folka livnærte seg av åkerbruk og husdyrhald. I utmarka var jakt og fiske viktig. Det budde folk […]
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Helveteskleiva var ein bratt bakke på den første køyrevegen frå Kristiansand oppover mot Setesdal, på vestsida av Langevatn, i Hægeland. Kleiva er mellom Neset i sør og Bjordalen ved avkøyringa til Åmdal lenger nord. Vegen her gjekk høgt over ein «avgrunn» ned mot Langevatn. Reiersdalskleiva sør for Neset blei bygd i åra 1829–1833. Espelandskleiva nord for Helveteskleiva blei bygd i 1833. […]
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Mellom Fossåna og Tromyr på Eikeland i Hægeland, rett vest for Riksveg 9, finn me att eit fint stykke av den første køyrevegen nordover frå Kristiansand mot Setesdal. Det strekket me taler om her, frå sør for Fossåna til over Tromyr i nord, blei bygd 1829–1835. Vegen blei utvida 1845–1847. Over Fossåna måtte det byggjast […]
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Ved dammen i Vassend gjekk Setesdalsbanen gjennom ei fjellskjering heilt ute på kanten mot elvelaupet. Rett nord for skjeringa står det også igjen ein fin mur av nøyaktig tilhoggen stein. Etter at banen var nedlagt, blei det bygt «kompensasjonsveg» frå Mosby til Byglandsfjord. Ein del stader følgde vegen den gamle jernbanelinja. Akkurat her ved skjeringa […]
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen. Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn. Ferjemannen Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha […]
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Den gamle setesdalsvegen (nr. 2) bukta seg rundt på utsida av Hornskilneset i Kilefjorden, rett sør for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla. Heilt nord i Kiledalen gjekk den første køyrevegen for hest og hjulkjerre, Postvegen, frå rundt 1840 opp den bratte Kiledalskleiva. Det var eit veldig strevsamt stykke på «hovudvegen» oppover i Setesdal. […]
Ekra gravfelt – Eikjåknodden
Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]