Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Auglandskleiva bru – Torridal

Auglandskleiva bru 7. september 2019. Foto.

Brua er ei steinkvelvbru på den gamle setesdalsvegen på Augland i Torridal i Kristiansand. Auglandskleiva bru er 6 m lang og 3,5 m brei. Lysopning 3,5 m. Kara kviler på ein tømmerflåte. Setesdalsvegen blei bygd i 1794 på strekninga fra Øvre Strai til Mosby, først med ei trebru. Det var lenge tvil om når steinkvelvbrua var bygd. Men C14-datering av tømmerflåten […]

Postvegen – Kristiansand

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Kristiansand. I byen er det nok meir vanleg å tale om den gamle setesdalsvegen. Det er mest oversiktleg for meg å bruke det […]

Postvegen – Vennesla

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til dei stykka på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Vennesla. Her sør for Setesdal er det truleg meir vanleg å omtale vegen som «gamle setesdalsvegen» eller «byvegen». For mitt føremål er det […]

Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand […]

Postvegen – Evje og Hornnes

Den gamle vegen med steinmurar i Brennevinskleiva. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det vil seie gjennom Hornnes, for Postvegen går heile tida på vestsida av Otra på dette strekket. Spora etter […]

Postvegen – Bykle

Steinmurar etter den gamle vegen i skogen på Bjørnarå. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Sida her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen i Bykle. Vegen her kunne nok like gjerne kallast «gamle setesdalsvegen», for Postvegen stogga ved Valle kyrkje. Det gjekk mest 100 år før […]

Åmdalskleiva på den første Dalevegen

Åmdalskleiva med steinsetting 30. juni 2024. Foto.

Åmdalskleiva var ein bratt bakke på kløv- og ridevegen setesdølane for langs når dei var på bytur før det kom køyreveg for hest og vogn. Åmdal er ein gard i Hægeland, litt vest for Riksveg 9. Her passerte den Austre Fjellmannsvegen, som Dalevegen mykje er blitt kalla lenger sør enn Setesdal. Han kom då sørover […]

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva

Skottedalskleiva opp frå garden Skottedal 18. juli 2024. Foto.

Skottedalskleiva var ein lang og vidgjeten bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Ein eldre køyreveg i kleiva blei bygd rundt 1832. Attgrodde restar av denne første vegen kan me framleis finne på austsida (nedsida) av kleiva slik ho ser ut i dag. Stykket […]

Åraksbø kraftverk

Dammen til kraftverket. Foto.

Åraksbø kraftverk var eit privat føretak, eit lutlag med eit styre, ved Hovassåna i Skrikarjuvet frå 1922 til 1939. Kraftverket skaffa straum til gardar og hus i Åraksbø og på Sandnes. Det blei bygd ein stor betongdam i Hovassåna, nokså rett aust for husa på Nordenå. Frå dammen gjekk det ei røyrgate ned til vassturbinen […]

Nyestog – Rygnestadtunet

Noe av Nyestog i Nordigard Rygnestad innvendig 4. juli 2024. Foto.

Nyestog er den «yngste» delen av stogehuset i det som i dag er Rygnestadtunet i Valle. Men ho er ikkje så veldig ung, ho er truleg bygd rundt år 1590! Huset høyrde til gardsbruket Nordigard Rygnestad. Det var garden til Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Han fekk sett opp stogehus og loft ca. 1590. Ut frå kjeldene må dette […]

Gravfeltet på Moi – Bygland

Gravfeltet på Moi inne i skogen 8. juni 2024. Foto.

På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar. Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4. Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. […]

Postvegen – Dåsneset ved Einang

Mur etter køyrevegen frå 1873 på Dåsneset 20. juni 2024. Foto.

Nord-vest for Einang ligg i fin, gamal vegsløyfe etter den første køyrevegen skjult inne i skogen på vestsida av Riksveg 9. Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg, er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. Dette er såleis eit veldig spennande område å kikke etter gamle vegspor i, for […]

Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Det gamle uthuset og steinmurar inne i skogen i Hddeviki. Foto.

Heddeviki var ein husmannsplass litt opp i den bratte i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden […]

Skore – gamlevegen

Den gamle vegen i jordet oppover mot Tveitan. Foto

Den gamle gardsvegen opp til Skore i Bygland finn me framleis i lia mellom fjorden og Tveitan, den store sletta eit lite stykke nedanfor husa på garden. Det gjekk, iallfall frå 1700-talet, ein «Allmannaveg» eller «Daleveg» (ein rideveg) forbi Skorsura nede ved fjorden. Den gamle gardsvegen frå fjorden opp til Skore må vere framhald av […]

Bygdeborga på Slottbakkfjell

Bygdeborga på Slottbakkfjell 3. juni 2024. Oversiktsfoto.

På Slottbakkfjell ved Birketveittjønna nær kommunesenteret Birketveit i Iveland ligg restane etter svære borgmurar i ei bygdeborg. Ekspertane trur bygdeborgene var forsvarsanlegg. Slottbakkfjell er bratt og tildels stupbratt mot nord-nord/vest og aust-sør/aust. På dei andre sidene er hellinga svakare. Borgmurane blei difor sett opp der. Mellom to mindre kollar mot nord-vest er det eit trongt […]

Futevegen – Kalveskinnsupsa

Futevegen gjennom skogen i høgda over Kalveskinnsupsa med Riksveg 9 langt under. Foto.

Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend. Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei […]

Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral

Surtedalskleiva var ein bratt bakke på den gamle hovudvegen mellom Kyrkjebygd og Kristiansand. Byvegen over Bygdeheia blei bygd som køyreveg (for hest og kjerre) i 1830-åra. Men etter kvart forfall han til ride- og sledeveg. Vegen var i bruk som hovudveg til Kristiansand til 1879. Då kom den nye mandalsvegen fram til Åseral. Det innleidde […]

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida

Maskingeværstilling på Sanden. Anlegg nr. 29 i rapporten. Foto:

Ved Byklestigen, på begge sider av Bykil, bygde tyskerane opp eit sterkt sperreanlegg under andre verdskrigen. Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg […]

Bjoneskleivi – Bykle

Riksveg 9 med Bjoneskleiva innforbi under fjellet 7. mai 2024. Foto.

Bjoneskleivi, eller bare Kleivi som det står på kartet, var ein bakke på den gamle setesdalsvegen mellom husa på Bjones og Byklebrua. I 1879 kom det endeleg køyreveg for hest og vogn fram til Bykle kyrkje. Då hadde vegarbeidarane strevd seg forbi det vanskelegaste stykket av alle, Byklestigen. Vegen i Bjoneskleivi blei bygd på same […]

Skjevrak brygge – Bygland

Brygga på Skevrak 11. april 2024. Me ser nord-austover mot Bygland kyrkebygd. Foto.

Brygga er sagt å vere bygd i 1915. Det var tidlegare andre brygger på staden. Skjevrakbrygga blei brukt av damprutebåtane Dølen og Bjoren, som gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden og Åraksfjorden frå 1867 (Dølen) og 1897 (Bjoren). Bjoren gjekk først, frå 1867, på Kilefjorden. Dampbåtane vart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen rundt 1930. Men med […]

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Gamal vegmur på Skomemoen. Foto.

Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842. Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. […]

Postvegen – Moi

Gamlevegen på Moismoan. Foto.

På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen. «Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og […]

Futevegen – Klevelandskleiva

Oppbygd vegbane med svære stein i KLevelandskleiva. Foto.

Klevelandskleiva var ein lang og bratt bakke på den gamle Futevegen, «hovudvegen» frå Evje austover mot Herefoss og Arendal fram til 1840-talet. Futevegen heldt også fram nordover frå Evje gjennom Bygland til Valle, men gjerne under anna namn. Det lyt vere til ein annan gong. Eldre enn reformasjonen Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er […]

Riksveg 400 – Skomemoen

Starten på den gamle setesdalsvegen med Riksveg 9 til venstre. Foto.

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]

Frutti Frøyrak si grav

Steinen som markerer gravplassen til Frutti Frøyrak. Husa på Frøyrak i bakgrunnen. Foto.

Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland. På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt. Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i […]

Flatelandsmoen – Gjøvdal

Oversiktsbilde av gardsanlegget på Flatelandsmoen 14. april 2017. Foto.

På Flatelandsmoen på Jørundland i Gjøvdal ligg eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida. Her er hustufter, gravrøyser og rydningsrøyser. Det skal vere eitt av dei mest komplette gardsanlegga i Sør-Norge. Garden blei truleg rydda i folkevandringstida (400–600 e.Kr.). Folka livnærte seg av åkerbruk og husdyrhald. I utmarka var jakt og fiske viktig. Det budde folk […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.