Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet (et stabbur). Foto.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]

Nordstog Dale-loftet

Stabburet i Nordstog Dale. Foto.

På gardsbruket Nordstog Dale i Valle står eit gamalt loft (stabbur) frå mellomalderen. Loftet er bygd omkring år 1520. Då det blei bygd stod det truleg fritt på tunet. Men i mannsaldrar var det innebygd i stogehuset på garden. På slutten av 1990-talet blei det flytta 20 meter mot nord, og vart på nytt frittståande. […]

Banken i Bakken, Harstad – Valle

Stogehuset i Bakken på Harstad 27. desember 2018. Foto.

På gardsbruket Bakken bnr. 1 på Harstad i Valle kyrkjebygd står ei fleire gamle bygningar. Banken hadde lenge kontoret sitt her. Bruket Bakken kom til i 1648. I gards- og ættesoga for Valle er det sagt at delar av stogehuset er gamalt, truleg frå 1600-talet. Loftet (stabburet) er også gamalt, heiter det, kanskje frå tidleg […]

Austadburet

Austadburet. Eldgammelt stabbur. Foto.

Austadburet står på gardsbruket Der heime (gnr. 13 bnr. 8) på Nordre Austad i Bygland. «Av folk på garden er huset kalla bur. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det frå gammalt må ha vore kalla loft», skriv Egil Berg i Norske minnesmerker – Norske tømmerhus frå mellomalderen. Grunnen til det er venteleg at bygget har gått over frå å […]

Rygnestadloftet

Rygnestadloftet. Stabbur. Foto.

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle. Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det verdsettast for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar. Forsvarsbygg? Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte opp i holtet […]

Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet. Stabbur. Foto.

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det […]

Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet. Stabbur. Foto.

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse […]

Espelidburet – Åseral

Espelidburet, stabbur, Åseral. Foto.

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til Lognavatn. Der tek du til høgre over brua til Åknes. Følg vegen vidare over ei […]

Hauganloftet

Hauganloftet. Stabbur. Foto.

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad. Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer […]

Heddisloptet

Heddisloptet, stabbur på Hedde i Setesdal. Foto.

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad. Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum. Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde. Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald […]

Holsloftet

Holsloftet i Bykle. Stabburd. Foto.

Holsloftet er eit loft (stabbur) som i dag står på Tveitevollmyra, rett bak Bykle Hotell, i Bykle kyrkjebygd. Loftet stod opphaveleg på bruket Myri i Holen i Nordbygdi. Men då Botsvatn blei oppdemd i 1976, og Holen måtte fråflyttast, kjøpte kommunen loftet og flytta det til Nedre Sarv og seinare Tveitevollmyra. Holsloftet skal vere bygd rundt år 1700. I Heimar og folk i Bykle er det sagt at […]

Loftet på Nomeland Der oppe

Loft, stabbur, Nomeland i Hylestad. Foto.

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Det ligg rett ved Riksveg 9, på vestsida av vegen, og er lett å sjå når du er forbi der. Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at […]

Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet-Haugeburet, Åraksbø. Foto.

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]