Futevegen – Syrtveit sør

Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveit og vidare opp til Vassend. Det var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Futevegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei brukt mellom anna av futen i Råbyggelaget når han var ute […]
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, ved avkøyrselen mot Berge, er det framleis spor etter den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen her blei bygd i 1832. Det var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, blei vegen her byvegen også […]
Gamle setesdalsvegen – Gylii

I Gylii i Valle, rett før me kjem til Bjørnarå i Bykle på veg nordover på Riksveg 9, er det svære murar og andre spor etter den gamle setesdalsvegen. Me ser dei bare ikkje frå bilen. I Leonhard Jansen m.fl. si eminente bok Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 er […]
Heddistoga – Rysstad

Heddistoga er ei lafta tømmerstoge som står like bak Hylestad soknehus på Rysstad. Stoga er etter spelemannen, læraren, fotografen, folkeminnesamlaren og kulturberaren Knut Jonson Heddi (1857–1938). Ho vert nytta under Setesdalsfestivalen til undervisning og intimkonsertar. Sida som vender mot nord har ikkje vindauge. På sørsida er det eit vindauge i kvart av dei to stogeroma. Eit gamalt setesdalsloft Opphaveleg var […]
Postvegen – Sanden Såre

På Sanden Såre i Lunden nord i Valle ligg ei lang strekning med idyllisk, gamal setesdalsveg att i skogen langs Otra, nå som bubilcamp. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og […]
Postvegen – Lunden

Forbi gardsbruket Lunden heilt nord i Valle gjekk den første køyrevegen bokstavleg talt under låvebrua på bruket! Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for […]
Postvegen – Flateland

På Flateland nord i Valle gjekk den første køyrevegen innom der Oveinang grendehus ligg i dag. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å […]
Postvegen – Ærekilen, Hodne

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Forbi Ærekilen og vidare nordover gjennom Hornnes kom han rundt 1840. I 1827 blei Georg Daniel Bart Johnson vegmeister. Alt i 1833 la han fram ein plan om veg oppover i Setesdal. I 1835 var det køyreveg for hest og […]
Telefonlinja Hovden–Bjåen

Ho er ei verna telefonlinje nær Riksveg 9 mellom Hovden og Bjåen i Bykle. Telefonlinja var ei rikslinje, og samstundes ei høgfjellslinje med ekstra sterke isolatorjarn og god trådavstand. 90 stolpar vart restaurerte i 1996, og er ein del av norsk telemuseum. På kvar stolpe kan ein lesa at dette er ei verna telefonlinje. Sommaren 2024 blei linja stelt opp igjen. Etter ein […]
Ekron – Nordre Haugetveit

Ekron er ein gardpart nord for Haugetveit i Åraksbø som i dag høyrer til alle tre hovudbruka på Søndre Sandnes i Bygland. Arealet er om lag 12 000 mål. I mellomalderen var Ekron eigen gard, truleg med busetnad, kalla Nordre Haugetveit. Åkerreiner fleire stader syner at her var dyrka mark. Haugetveit blei altså delt ein gong langt tilbake i tida. Korleis gjekk det til? […]
Futevegen – Kjørkemoen til Tveit i Hovlandsdalen

Mellom Kjørkemoen og Tveit, på sørsida av Hovlandsåna, er det eit godt bevart og veldig idyllisk stykke igjen av den gamle Futevegen. Det var «hovudvegen» frå Evje austover om Herefoss til Arendal i eldre tider. Frå Evje heldt vegen fram vidare nordover gjennom Bygland til Valle. Men det får vere til eit anna stykke seinare […]
Nomeland – flotingsmur

Langs Otra, på Nomeland på vestsida av elva litt sør for hovudkvarteret til Otra Kraft, ligg ein gamal flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar […]
Vassrenna til «Det Sæthersdalske Kobberværk»

Den gamle vassrenna står att på verkstomta i Åraksbø. Ho minnar oss om dei hektiske åra rundt 1845, då det var eit svært koparverk i drift i Åraksbø. «Det Sæthersdalske Kobberværk» var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og Bø i Valle og smeltehytte for koparrmalmen i Åraksbø. Bakgrunn Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra […]
Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Rett etter den krappe svingen på Riksveg 9 før Neset Camping, når me kjem sørfrå, står det framleis att svære murar etter eldre utgåver av Setesdalsvegen. Her er restar av stablemurar som synest å vere etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Neset først på 1840-talet. Her er også andre […]
Postvegen – Nesetsvingen sør

I Nesvika, rett før du på veg nordover tek til på den krappe svingen på Riksveg 9 sør for Neset Camping, står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mange stader i heile dalføret kan me framleis finne gamle vegstubbar og andre minne etter […]
Postvegen – Heimåtsvingen

Nord for Andre Odde, på veg mot Neset Camping frå Byglandsfjord, ligg Heimåtsvingen. Der står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mellom Salbergmoen – dette var lenge før Byglandsfjord kom til – og Neset var det mange små bukter og oddar. Dette førte […]
Postvegen – Sveigefoss

Ved Sveigefoss, rett nord for den nye Byklebrua, ligg ei sløyfe av gamlevegen att i terrenget mellom Riksveg 9 og Otra. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte […]
Postvegen – Optestøyl

Postvegen – den gamle setesdalsvegen – følgde lia på austsida forbi Optestøyl i Bykle. I dag går Riksveg 9 rett fram. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte […]
Træletveit gravfelt – Åraksbø

Gravfeltet ligg på grunnen til Gausi (gnr. 31 bnr. 3) på Træletveit i Åraksbø. I feltet er det registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Tre av røysene er svært tydelege og klart definerte. Dei andre fire er noko mindre og ikkje like openbare. Feltet har vore kjent i Bygland, men blei først i oktober 2024 undersøkt av fagfolk og […]
Gravfelt avdekka i hogst- område på Træletveit!

I eit hogstfelt på Træletveit i Åraksbø er det avdekka eit gravfelt med sju gravhaugar. Gravfeltet er registrert som eit nytt automatisk freda kulturminne. AT Skog hadde ei skogsdrift på Træletveit i Åraksbø i haust. Staden ligg om lag to kilometer nord-aust for bygda. Pål Moi køyrde hogstmaskinen. Under arbeidet blei dei merksame på nokre […]
Postvegen – Bjørnarå

Frå husa på Bjørnarå og vestover forbi Hågås er det mange merke etter den første køyrevegen som blei bygd på 1870-talet. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte […]
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå

På sørsida av Hågås på Bjørnarå er det tydelege spor etter den gamle Dalevegen, ridevegen mellom Bykle og Valle før det kom køyreveg på 1870-talet. Dei som budde ovanfor Byklestigen tok gjerne vegen over heia frå Rygnestad til Stavenes. Dei kunne òg følge elva forbi Byklestigen. Men den vegen var det vanskeleg å frakte noko […]
Postvegen – Båsbrokka i Bykle

Mellom Bjørnarå og Optestøyl i Bykle, ved Båsbrokka langs Trydalsbekken, er den gamle Postvegen fint restaurert til ein idyllisk turveg. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis […]
Postvegen – Hoslemo

Forbi Hoslemo i Bykle gjekk den gamle Postvegen først over den vakre Hoslemobrua og så vidare bak der Hoslemo Camping ligg no. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle […]
Frøyrak gamle brygge

Frå 1867 til 1905 var det dampbåtbrygge på Mørkenesodden på Frøyrak. Brygga var ei steinfylt tømmerkiste, og Mørkenesodden (Odden) var landfast. Ho vart brukt av damprutebåten Dølen frå 1867 og av både Dølen og Bjoren frå 1897 til fjorden vart stemd opp i 1905. Brygga står som oftast under vatn. Men nå i byrjinga av […]
Det første kraftverket på Hovden

Det kom kraftverk på Hovden alt i 1937, då det første Hovden Høyfjellshotell blei bygd. «Då Hovden Høyfjellshotell opna sommaren 1937, så var det eit luksushotell av dei sjeldne», skriv historikar Johnny Haugen i ein stor artikkel om hotellet i Setesdal og setesdølar, årsskriftet for Setesdal Sogelag (2015, s. 70–80). Det var ikkje offentleg straum […]