Skomedal skulehus – Bygland

Det gamle skulehuset på Skomedal ligg rett på oppsida av den gamle riksvegen gjennom grenda. Det er bygd i 1888. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var […]
Arnstein 2024 i handelen!

Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag, er nå å få kjøpt på Norli Evje og hos Eva Haugen Sørgaard i Sogelaget. Innhaldet er verkeleg spennande og intressant, om du er litt oppteken av den lokale historia. Selmer Barth Larsen Me får høyre om Selmer Barth Larsen, som var fødd i Kristiansand men arbeidde som […]
Gardsmuseet i Lidi

Sigmund Lidi har overteke det tidlegare bedehuset i Lidi. Her har han laga istand eit lite, men veldig spennande privat gardsmuseum. Det er alltid opent! Sigmund har synt meg rundt i museet. For ein lokalhistorisk kulturskatt – ja eit klenodium – han har skapt! Eg blei reint overrumpla av alt han hadde fått plass til […]
Setesdal Bilruter nr. 22 – «Friluftsbussen»

På Storøy midt ute i Otra på Granheim i Bygland står Setesdal Bilruter sin buss nr. 22 parkert. Truleg for godt. Bussen var den første i Bilruta med radio og høgtalaranlegg. Mellom skuleelevane i Årdal sokn hadde han tilnamnet «Friluftsbussen», fortel Reidar Tveito i den framifrå boka si Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen […]
Feleberget – Straumen

Feleberget ved Straumen i Bygland har namn etter dei to brørne Aslak og Alv Straumen. Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) var ferjemann på Straumen, på austsida av Storstraumen i Bygland, frå 1844 til det kom bru over Storstraumen i 1858. Han var gift med Ingebjørg Aslaksdotter Austad (f. 1808). Ho var syster til […]
Dreiv munkar etter kopar i Hamregruva i katolsk tid?

Den eldste gruvedrifta i Setesdal kan etter folketradisjonen ha vore i Hamregruva i Bygland. Hamregruva ligg spektakulært plassert øvst oppe i eit stupbratt fjell på Hamre, på vestsida av Byglandsfjorden. Du kan lese meir om gruva i eit anna stykke her på Setesdalssida. Her har eg lyst til å fortelle litt om eitt av segnene […]
Me minnast!

I dag er det 9. april, og årsdagen for det tyske åtaket på Norge i 1940. Mange mista livet i fridomskampen i åra som følgde. Ein av dei var valldølen og motstandsmannen Knut O. Bø, disponent ved Setesdal Bilruter på Byglandsfjord ved krigsutbrotet. Knut blei avretta av tyskerane på Trandum 9. mai 1944. Siri Johannessen har […]
Veteranbuss nr. 24

Veteranbuss nr. 24 er ein grøn Scania Vabis B55 frå 1960 med overbygg truleg frå Føreland i Øvrebø og svensk motor. Eigar er Setesdal Bilruter. Eg har sett dette fine og nostalgiske køyretøyet langs vegen ganske mange gonger, for eksempel i bilparadar på 17. mai. Eg har ikkje teknisk innsikt, og har ikkje visst anna om køyretøyet enn […]
Gjevt med Setesdal og setesdølar!

Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal sogelag, er i handelen. 2023-utgåva er 9. årgangen, og – igjen – verkeleg fint lesestoff. Årsskriftet følger same låma som tidlegare år, med nokre innleiande ord frå leiaren i sogelaget VIdar Toreid og redaktøren Torgeir Moseid. Torgeir gir seg nå som redaktør, etter å ha hatt ansvaret for dei […]
Kjapt årsmøte og stor kulturkveld

Tysdag 21. februar gjennomførte Evje og Hornnes sogelag årsmøtet sitt på Furuly fleirbrukshus på Evje. Tradisjonen tru blei årsmøtet følgt opp av ein fin kulturkveld. Leiaren i sogelaget, Erik Kjebekk, opna årsmøtet temmeleg presis kl. 18 og ønska alle velkomen. Det var oppimot 40 menneske som ville ha med seg møtet. Det må seiast å […]
Spennande om oppfinnaren Lars Bristol

Bladstyrar Sigurd Haugsgjerd heldt eit spennande, inspirerande og lærerikt kåseri om den «gløymde» husmannssonen og oppfinnaren Lars Bristol frå Hornnes, då Evje og Hornnes sogelag skipa til Kulturkveld på Evje tysdag. Lars Bristol (f. 1848–d. 1924) fekk ei avgjerande innverknad på oppfinninga av glødelampa. Det var Bristol som først klarte å lage ein glødetråd som […]
«Fyrste gong det har vore sild i Byglandsfjorden»

Reidar Tveito har skrive ned ei artig historie om Torjus J. Langerak og lastebilen hans med ei last sild som hamna i Byglandsfjorden nord for Grendi i boka si Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen. I boka er det også eit bilete av lastebilen der han står stranda i vasskanten. Historia har Reidar […]
Likkvila ved Ratøygard

Ein søndag i september 2019 hadde me ein fin tur til Jordalsvatn i Bygland, i nydeleg haustver. Det er to likkviler rett ved vatnet. Ved Ratøygard i austre enden ligg ei likkvile som lokalhistorikaren Torfinn Normann Hageland meiner er etter Ingebjørg Olavsdotter Oppsal. I eit stykke i Setesdølen for ein del år sidan, av Paal […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde […]
Margit Hegland – tippoldemor mi

I 1834 kom ei jente til denne verda, på den øyde husmannsplassen Nedre Kviplassen i Heglands mark, i fjellheimen aust for Kvifjorden, nær grensa mellom Bygland og Sirdal. Ho fekk namnet Margit, og var tippoldemor mi. Margit var nr. 3 i søskenflokken. Før henne var Tellef (f. 1827, d. 1868) og Karl (f. 1831, d. […]
Arnstein i handelen!

Arnstein er årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Bladet er nå i handelen, i god tid til å vere ei interessant og flott julegåve. Årets utgåve følger same spor som før. Eva Haugen Sørgaard har først ein gjennomgang av aktiviteten i sogelaget i årets som gjekk. Deretter kjem det to opptrykk av avisartiklar læraren og […]
Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Eg er glad i å farte rundt i bygda med fotografiapparatet mitt. 17. mai 2014 var eg ved Hornnes kyrkje og tok bilete. Ordførar Bjørn Ropstad la ned krans på minnesteinen som står utanfor kyrkja til minne om dei honndølane som mista livet i fridomskampen 1940-1945. Når eg seinare har sett gjennom bileta, har eg […]
Spennande og lærerikt om Jørgen Løvland!

I 2022 er det 100 år sidan Norges aller første utanriksminister, Jørgen Løvland frå Evje, døydde. Fredag kveld blei det markert med eit veldig fint arrangement på Furuly fleirbrukshus på Evje. Markeringa var eit ledd i arbeidet med å halde kunnskapen om Jørgen Løvland sine merittar i hevd. Kulturleiar Maya Maya Ranestad Hjertholm i Evje og Hornnes […]