I fotspora til setesdølane – Buekleiv

Buekleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Det er rett sør for den berykta Skottedalskleiva. Kleiva ligg rett nord for kommunegrensa mellom Kristiansand og Vennesla, og såleis i Øvrebø i Vennesla kommune. Den lettaste måten å finne fram til staden, […]
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø

I Vassåsdalen, den lange bakken frå Skarpengland oppover mot Sandripheia i Øvrebø, ligg to sløyfer av den gamle setesdalsvegen att langs bekken på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom på første halvdel av 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom […]
Auglandskleiva bru – Torridal

Brua er ei steinkvelvbru på den gamle setesdalsvegen på Augland i Torridal i Kristiansand. Auglandskleiva bru er 6 m lang og 3,5 m brei. Lysopning 3,5 m. Kara kviler på ein tømmerflåte. Setesdalsvegen blei bygd i 1794 på strekninga fra Øvre Strai til Mosby, først med ei trebru. Det var lenge tvil om når steinkvelvbrua var bygd. Men C14-datering av tømmerflåten […]
Postvegen – Kristiansand

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Kristiansand. I byen er det nok meir vanleg å tale om den gamle setesdalsvegen. Det er mest oversiktleg for meg å bruke det […]
Postvegen – Vennesla

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til dei stykka på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Vennesla. Her sør for Setesdal er det truleg meir vanleg å omtale vegen som «gamle setesdalsvegen» eller «byvegen». For mitt føremål er det […]
Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand […]
Postvegen – Evje og Hornnes

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det vil seie gjennom Hornnes, for Postvegen går heile tida på vestsida av Otra på dette strekket. Spora etter […]
Postvegen – Bygland

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Bygland. Spora etter vegen i dag Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei […]
Postvegen – Valle

Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Valle. Spora etter vegen i dag Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei […]
Postvegen – Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Sida her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen i Bykle. Vegen her kunne nok like gjerne kallast «gamle setesdalsvegen», for Postvegen stogga ved Valle kyrkje. Det gjekk mest 100 år før […]
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva

Skottedalskleiva var ein lang og vidgjeten bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Ein eldre køyreveg i kleiva blei bygd rundt 1832. Attgrodde restar av denne første vegen kan me framleis finne på austsida (nedsida) av kleiva slik ho ser ut i dag. Stykket […]
Postvegen – Dåsneset ved Einang

Nord-vest for Einang ligg i fin, gamal vegsløyfe etter den første køyrevegen skjult inne i skogen på vestsida av Riksveg 9. Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg, er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. Dette er såleis eit veldig spennande område å kikke etter gamle vegspor i, for […]
Postvegen/Riksveg 400 – Staven

Staven mellom Skomedal og Frøysnes var eit smalt og vanskeleg stykke då den første køyrevegen oppover i Setesdal blei bygd først på 1840-talet. Postvegen blei den første køyrevegen for hjulkøyretøy kalla i Setesdal. Altså veg for hest og vogn/kjerre. Ved Staven går fjellet mest stupbratt rett ned til fjorden. Det var vanskeleg å finne plass […]
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842. Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. […]
Postvegen – Moi

På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen. «Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og […]
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn

Helveteskleiva var ein bratt bakke på den første køyrevegen frå Kristiansand oppover mot Setesdal, på vestsida av Langevatn, i Hægeland. Kleiva er mellom Neset i sør og Bjordalen ved avkøyringa til Åmdal lenger nord. Vegen her gjekk høgt over ein «avgrunn» ned mot Langevatn. Reiersdalskleiva sør for Neset blei bygd i åra 1829–1833. Espelandskleiva nord for Helveteskleiva blei bygd i 1833. […]
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland

Mellom Fossåna og Tromyr på Eikeland i Hægeland, rett vest for Riksveg 9, finn me att eit fint stykke av den første køyrevegen nordover frå Kristiansand mot Setesdal. Det strekket me taler om her, frå sør for Fossåna til over Tromyr i nord, blei bygd 1829–1835. Vegen blei utvida 1845–1847. Over Fossåna måtte det byggjast […]
I fotspora til setesdølane: Med Tjønna på Sandripheia

Nord for småbruket Med Tjønna på Sandripheia i Øvrebø står ei fin sløyfe av den gamle setesdalsvegen att, godt gøymt inne i skogen på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom først på 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom vegen […]
Gamle Fånekleiva – Bygland

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om. Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet. «Det franske prinsipp» På den tida […]
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø

Almkleiv var eit kronglete stykke på den første setesdalsvegen, på Homme i Øvrebø. Frå baksida av det store, grøne militærlageret nord på Homsmonen, på vestsida av Riksveg 9, nord på den lange Hommesletta, går Almkleiv over til Store Almen, avbroten av ei myr som var trandla. Vegen her blei bygd i 1829–1833, og var bare […]
Postvegen – Flateland bru

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873. Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang […]
Postvegen – Brennevinskleiva

Fleire stader på Kjetså i Hornnes, mellom anna i Brennevinskleiva, er det tydelege spor etter den gamle Postvegen. Det var den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal. Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og Postvegen var farbar til Valle i 1844. Rundt 2021 var det ei stor skogsdrift på Kjetså. Då kom denne såkalla «Brennevinskleiva» på den […]
Postvegen – Lauvdalsodden

På Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen. Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det […]
Postvegen – Fosslid

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod […]
Postvegen – Ose nord

Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der […]
Postvegen – Storstraumen

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland. Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset […]