Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd.
Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført i 1822».
Tidlegare kyrkjer
Åseral kyrkje er første gong omtalt i pavelege skriv frå 1282. Truleg var den første kyrkja ei stolpekyrkje; ei stavkyrkje men med jordgravde stolpar.
Mykje tyder på at det seint på 1600-talet vart reist ei heilt ny kyrkje, som då kan ha erstatta den gamle stavkyrkja i bygda. Denne nye kyrkja stod kanskje først ferdig nokre år seinare, eller blei restaurert, i 1705, då vindfløya i tårnet vart smidd av Knut Gunnulvsson Mørk.
Kyrkja frå rundt 1680-talet var ei laftebygd trekyrkje som vart riven i 1822, då noverande kyrkje blei bygd. Våpenhuset i noverande kyrkje er bygd av stokkar frå denne kyrkja. Tre stokkar, to frå våpenhuset og ein frå tårnet, ser ut til å vere attbrukte frå ein eldre bygning. Dei skriv seg truleg frå tre som vart felte på slutten av 1500-talet. Dei kan vere frå eit endå eldre våpenhus, til dømes, men dette er uvisst, skriv Frans-Arne Hedlund Stylegar i den innhaldsrike jubileumsboka til 200-årsjubileet for Åseral kyrkje i 2022. Boka er smykka med særs vakre foto teke av Tor Reidar Austrud.
Kjelder
- Frans-Arne Hedlund Stylegar, Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022, utgjeve av Åseral sokneråd, 2022