Den nedrasa borgmuren på Urdalsfjell. Foto: Geir Daasvatn

Urdalsfjell bygdeborg – Evje

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes.

Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell.

Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350–550 e.Kr.

Bygdeborga på Åvesland er den der det meste av borgmuren ennå er å sjå. Muren ligg på nordsida av fjellet, og strekker seg 60–70 meter i aust-vestleg retning. Midt på har det vore ein opning for menneskje og dyr.

God forsvarsstilling

Borga må ha vore god å forsvare. Fjellet er stupbratt på alle kantar, med unnatak for nordsida der muren ligg. Det må ha vore litt av eit arbeid å transportere all steinen til muren opp på fjellet.

Anlegget har sjølvsagt lenge vore kjend av folk i lokalmiljøet. Men det var lokalhistorikaren Sigmund Monen som fekk det registrert som bygdeborg så seint som i 1984.

Bygging, vedlikehald og vakthald må ha krevd stort mannskap og ei form for fast organisasjon. Truleg måtte folk samle seg på lokale bygdeting for å bli einige om slike prosjekt og korleis dei skulle gjennomførast. Det må derfor etter alt å døme ha budd ganske mange folk fast på Åvesland og gardane omkring alt i folkevandringstida.

Kart over området

Kjelder

I nærleiken

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø
Huldreheimen – Bykle
Sandnes skulehus
Hannås jernbanebru – Hornnes
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
Gjerden – Bykle
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
Postvegen – Sveigefoss
Byklarloftet – Fennefoss
Valle kyrkje
Røysland gravfelt i Valle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.