Ose Turistheim vinterstid. Foto: Geir Daasvatn

Ose Turistheim

Turistheimen er bygd i 1909. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift.

Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du også servering av heimelaga tradisjonsmat.

Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. Her er eit sjeldan bygnings- og kulturmiljø. Tvers over vegen for Turistheimen ligg den særmerkte Storstoga frå 1600-talet. Eit høgdepunkt om sommaren er det tradisjonsrike Ose Matmarknad.

Agder Overnatting ved Roald Klungland eig staden. Signe Røinås  har drive verksemda i mange år, og står framleis for dagleg drift.

Sjå også

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Flåt nikkelgruve
GoKart-banen Evje – fart og spenning i trygge former
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Rakkenes – Byglandsfjorden
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!
TrollAktiv – Evje
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Byklestigen
Bygland museum
Heisfossen – Bygland
Kulturpatrulja