Sines 12. april 2019. Foto: Geir Daasvatn

Sines badestrand – Byglandsfjorden

Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren.

Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på staden. Så du må planlegge ut frå det før du tek turen. Bortsett frå desse praktiske utfordringane, er dette eit badeparadis for både små og store.

Strekninga langs vestsida av Byglandsfjorden mellom Senum og Storestraumen er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3. Sines er ein glimrande stad for ein liten stopp og eit forfriskande bad.

Korleis kjem du hit

I rundkøyringa på Byglandsfjord tek du vestover mot Senum. Så er det bare å følge vegen langs fjorden nordover forbi Senum, Horverak og Bø. Det er om lag 6–7 km frå Byglandsfjord opp til staden.

Nordfrå kan du ta av frå Riksveg 9 rett nord for Storestraumen, og køyre sørover langs vestsida forbi gardane Hamre, Skjevrak, Nånes, Frøyrak og Dale. Dette er noko lenger, rundt 18 km vil eg tru.

Kart over området

Sjå også

Fleire attraksjonar

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell