Dalemannsteinen. Foto: Geir Daasvatn

Dalemannsteinen – Fennefoss

Dalemannsteinen er ei svær steinblokk ved breidda av Otra rett under Fennefossen på Fennefoss i Hornnes. Han er eit minne etter båtferdsla på Kilefjorden.

Når folk på veg frå Kristiansand til Setesdal i eldre tider brukte båt på Kilefjorden, måtte dei gå i land nedanfor Fennefossen. Herfrå måtte dei gå eller ri for å kome vidare oppover dalen til Gullsmedmoen. Der dei gjekk i land, ved Mylla, låg denne store steinen, som altså blei kalla «Dalemannsteinen». Steinen ligg der enno, som eit fint minne om noko som ein gong var.

Korleis kjem du dit

Frå Evje sentrum kan du ta over Birkelandsbrua og følge Fennefossvegen til forbi husa i Mylla rett ved Fennefossen. Der kan du gå ned på nedsida av vegen, og følge elvebreidda eit kort stykke til du kjem til steinen. Frå sør kan du ta inn på Fennefossvegen rett før Fennefossbrua, og følge vegen fram til same staden.

Anten du startar turen frå Evje sentrum, Odden Camping, Fennefoss Camping, Dåsnesmoen eller kvar som helst ellers, er dette ein kjempefin kveldstur til fots eller på sykkel. Ein god idé kan vere å kombinere titten på steinen med sykkelturen Fennefoss Rundt. La uansett kva du velger bilen bli ståande!

Kart

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Geiskelihytta – Bykle
Nordigard Hoftuft-loftet
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Hovden kraftstasjon
Sanden Såre – flotingsmur
Skore – gamlevegen
Postvegen – Nesmoen
Kjetsåbrua – Hornnes
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.