Gjetarhytta på Bjåen 14. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Tamreindrifta tok slutt i 1978.

Her budde dei siste reinsdyrgjetarane.

Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen.

Ei opphaveleg gjetarhytte som var i bruk den første tida er flytta til Nipadalen.

Er du interessert i å vite meir av historia om tamreindrifta i Setesdalsheiene? Kjell Bitustøyl si bok frå 2017 er ein glimrande stad å starte!

Kjelder

Meir om Setesdal

Gjetarhytta 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Her kan du sjå nokre fleire bilete frå Bjåen

Her kan du sjå biletserien min med nokre av dei mange gamle bygningane i Setesdal

Fleire kulturminne

Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
Gamle setesdalsvegen – Moen
Ekra gravfelt – Eikjåknodden
Skore i Bygland
Heimigard – Rysstad
Postvegen – Skorpetveit
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Heddessteinen
Rygnestadloftet
Flatelandsmoen – Gjøvdal