Den første Espelandskleiva på den gamle Setesdalsvegen til høgre i biletet. Me kan sjå den nye og mykje slakare vegen på andre sida av bekken til venstre. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva

Espelandskleiva mellom Frivoll og Espeland i Hægeland var ein del av den første køyrevegen mellom Mosby og Kile. Vegen kom i åra 1829–1835. Espelandskleiva blei bygd rundt 1833.

Køyreveg mellom Kile og Dåsnes kom i 1839–1843. Køyreveg heilt opp til Valle stod først ferdig i 1846. I Setesdal er denne første køyrevegen mykje blitt kalla «Postvegen». Med «køyreveg» taler me då om ein veg der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Då dette endeleg blei mogeleg, blei reisa til Kristiansand ei heilt ny oppleving for setesdølane.

Fjellmannsvegen

Før Postvegen kom på 1840-talet, gjekk det gang- eller kløvveg frå Setesdal til Kristiansand. Fleire namn er brukte, som Fjellmannsvegen og Dalemannsvegen. Gjennom Hægeland gjekk den vegen noko lenger vest i høve til dagens Riksveg 9, og høgare oppe i terrenget. I dette området var det forresten to alternative ruter, Austre og Vestre Fjellmannsveg. Den austre traseen gjekk om Åmdal, ikkje så langt vest for Espelandskleiva som eg skriv om her.

Køyreveg til Kile om lag 1835

Då det kom køyreveg opp til Kile rundt 1835, er det nok all grunn til å tru at setesdølane pensa seg inn på den vegen vidare sørover, sjølv om det framleis ikkje var ordentleg køyreveg nordover i Setesdal.

Frå rundt midten av 1830-talet kom setesdølane såleis forbi gardane Espeland og Frivoll, og Espelandskleiva, på veg sørover til Kristiansand. Heimover igjen var det ei fælt bratt og tung kleiv – ei av endelaust mange – å streve seg opp. Men alt i åra 1843–1845 blei vegen her lagt om, langs vestsida av Espelandstjønna, og den nye Espelandskleiva var mykje greiare å ferdast i.

Setesdalsveg til 1882

Den nye Espelandskleiva var «hovudvegen» oppover mot Setesdal til 1882. Då blei vegen flytta over på austsida av Espelandstjønna, i området der Riksveg 9 går i dag.

I mest 50 år var vegstykket forbi Espelandskleiva altså ein del av byvegen for setesdølane.

Det er mange historiar knytta til vegen her og setesdølane som kom forbi når dei var på bytur. Men dei vil eg heller fortelle litt meir om i eit anna stykke.

Vegstykket på Norgeskart.no – mellom Hagen ved Åmdalsvegen i sør til Espeland i nord

Kjelder

Kanskje vil du også lese

Det var idyllisk i den nye Espelandskleiva, rett før tunet på garden Espeland, då eg var forbi der i kveldinga 15. mai 2023. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle