Me ser den gamle Postvegen med Rv-9 rett nedforbi. Bak er Ose sentrum. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Ose nord

Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal.

Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der det står eit infoskilt om bompengar, gjekk Postvegen rett fram eit lite stykke, i lia oppforbi Rv-9. Han svinga seg så nedover og møtte dagens hovudveg nokre hundre meter nord for Coop Marked Ose. Stykket her blei bygd rundt 1842.

Stykket held fram under biletet

Ose sentrum med den gamle Setesdalsvegen. Foto.
Gamlevegen gjennom sentrum. Me ser korleis Postvegen held fram oppover i skogen, på oversida av Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

Rundt 1920 blei vegen gjennom sentrum lagt om. Etter Storstoga på veg nordover svinga han seg mot høgre. Det er slik me framleis køyrer gjennom Ose når me tek av frå riksvegen og vil ha ein tur innom sentrum.

I 1983 blei riksvegen lagt utanom heile Ose sentrum. Det gjorde nok at Ose mista noko av den sentrumsfunksjonen grenda lenge hadde hatt, skriv Leonhard Jansen i praktboka om Postvegen og Riksveg 9.

Sør for Ose

Like etter Reiårsfossen, rett sør for rasteplassen ved Rv-9, svinga Postvegen seg av mot venstre og opp til Fosslid. Det gamle vegstykket har eg skrive litt om i eit anna stykke her på Setesdalssida.

Kart over området

Meir om Postvegen på Setesdalssida

Kjelder

Fleire kulturminne

Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Fjellskarbrua – Rysstad
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Ekron – Nordre Haugetveit
Espelidburet – Åseral
Bygland kyrkje
Einerkilen urangruve i Evje
Stampen i Homsåne
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Banken i Bakken, Harstad – Valle
Systog Trydal-loftet
Postvegen – Fosslid

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.