Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei).
Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Valle.
Spora etter vegen i dag
Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei digital biletbok. Historia til vegen inkludert historiske bilete er glimrande fortald av Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokben Forlag, 2018).
Eg har laga eit trykt hefte om Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det kan du få kjøpt hos meg.
Eg håpar du finn mykje spennande å lese og sjå!