Her kom toga på Setesdalsbanen forbi kort tid før dei kunne tøffe inn på Byglandsfjord stasjon. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalsbanen – Dammen, Vassend

Ved dammen i Vassend gjekk Setesdalsbanen gjennom ei fjellskjering heilt ute på kanten mot elvelaupet.

Rett nord for skjeringa står det også igjen ein fin mur av nøyaktig tilhoggen stein.

Etter at banen var nedlagt, blei det bygt «kompensasjonsveg» frå Mosby til Byglandsfjord. Ein del stader følgde vegen den gamle jernbanelinja. Akkurat her ved skjeringa i Vassend blei vegen lagt meir rett fram i ei ny skjering gjennom fjellet innforbi jernbanen. Dermed blei den gamle skjeringa ståande att, til minne ei svunnen tid.

Ved skjeringa låg også den gamle Byglandsfjord dam frå 1917. Demninga er vekke. Men det står nokre ruinar igjen som me kan gå ut på for å få eit fint overblikk over elva her. Nokre få hundre meter lenger sør ligg dagens Byglandsfjord dam frå 1973.

Setesdalsbanen var i drift 1896–1962. Han var om lag 78 km lang. Mange av minna etter jernbanen er borte. Men framleis er det spennande ting å sjå langs mest heile strekninga!

Meir frå Setesdalsbanen

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle