Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral

Langs Hånsbekkjen mellom Handeland og Nesland i Åseral stod to kverner. I dag er berre ruinane attende. Handeland og Nesland er to gardar ved Handelandsvatnet i Åseral. Om du køyrer frå Kylland mot Flystveit kjem du forbi her. Hånsbekkjen renn mellom dei to gardane og ut i Handelandsvatnet frå nord. Handelandkverna Litt oppover i bekken, […]
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn

Kvernhuset frå Ramselia på Øvre Dåsvatn står i dag på Evje og Hornnes museum på Fennefoss. Kring 1855 rydda Asbjørn Madsson Åknes (f. ca. 1824) ein husmannsplass for familien i Ramselia på Øvre Dåsvatn. Det er øvst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Staden er like innforbi kraftverket, om du er litt kjend i området. Husmannsplassen høyrde […]
Nistog-kverna på Rygnestad

Rygnestad-gardane hadde kvernhusa sine i Rygnestadåne. Berre Nistog si kvern står att i dag. Eit unnatak var kverna til Nordstog, som stod i bekken som renn ned sør for husa der. Det er like vest for Rygnestadtunet. Alfred Ryningen gjer nærare greie for kvernene på Rygnestad i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, utgjeve […]
Kvernspor langs Faråne i Hylestad

Langs Faråne i Hylestad hadde gardane Brokke, Berg og Haugeland kverner. Berre eitt kvernhus står att i dag. Kvernene stod på nordsida av elva, på Brokke-sida. For Brokke sin del er det i kjeldene nemnt «kverner til husbruk» frå 1661. Truleg har garden hatt kvern også før den tid. Brokke var ein storgard og det […]
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Det gamle kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum kjem frå garden Hovland i Hovlandsdalen i Vegusdal. Hovland høyrde i gamal tid til Vegusdal kommune. I nyare tid (1967) blei Vegusdal ein del av storkommunen Birkenes. Frå 2019, etter ei grensejustering, høyrer garden til i Evje og Hornnes kommune. Det var gardsbruket Der Vest (gnr. 130, […]
Dei to kvernhusa i Trydalsbekken

I Trydalsbekken som renn ut av Trydalstjønna i Bykle står to ærverdige gamle kvernhus. Det øvste ligg like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen). Det høyrer til Stigamoen-Nordstog (Moen), står det på registreringskortet i SEFRAK-registeret. Nordstog er for lenge sidan opphøyrt som eige bruk og slege saman med Der inne (gnr. 17, bnr. 1) […]
To fine kvernhus i Kåvåne

Godt skjult i eit juv på nedsida av Riksveg 9 ved Kåvåne i Hylestad står to gamle, fine kvernhus og minnar om ei tid som er forbi. Dei to kvernhusa høyrer til Nomeland (gnr. 64 i Valle kommune). Retten til å male her hadde dei kjøpt frå bøndene på Uppstad i gamal tid, skriv Alfred […]
Kvernhusa langs Bjørnaråni

Langs Bjørnaråni heilt sør i Bykle står to fine kvernhus. Kvernhusa står på nordsida av elva, langs den gamle støylsvegen, eit stykke oppover i lia. Dei er avmerka på kart i SEFRAK-registeret. Les også: Kornet frå åkeren til kverna Der heime Det fyrste ein kjem til nedanfrå er kvernhuset til Der heime (Bjørnarå, bnr. 2). […]