Av Geir Daasvatn

© 2022-2026

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø

Krokan i nydeleg haustsol 13. oktober 2025. Foto.

Krokan på Lidtveit i Åraksbø var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland på 1800-talet. I 1843 gav bonden på Oppigard Lidtveit (bnr. 1) løyve til at Nils Gullikson Skomedal (f. ca. 1788, d. 1864) kunne rydde ein plass i utmarka på garden. Plassen var kalla «Krokan». Her fekk husmannen lov til å ha to […]

Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume

Kvernhuset til bnr. 8 på Straume 26. oktober 2025. Foto.

Langs Kvinnåne på Straume i Hylestad står tre gamle kvernhus att til minne om kvernverksemda som var så viktig i det gamle landbruket. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår […]

Longerak brygge

Longerak brygge 13. desember 2025. Foto: Geir Daasvatn

Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland. På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta […]

Frøysnes brygge

Brygga på Frøysnes 27. november 2025. Foto

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden. Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga. Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det […]

Dalevegen – Lauvåsheia

Dalevegen (Fjellmannsvegen), i dag ei nydeleg turløype, nær toppen av Lauvåsheia. Foto

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg […]

Kvernebekken Gryte i Valle

To gamle kvernhus langs Gryte 26. oktober 2025. Foto

Tilbake i tid var det alt-i-alt minst 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva. Det blei […]

Rindane på Abusland

Stogetufta på Rindane 5. november 2025. Nedanfor ser me gardane på Abusland. Foto:

Rindane (Rinnan) er ein tidlegare husmannsplass på Abusland i Hornnes. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. Truleg høyrde grunnen den gong til gardsbruket Korgalunnen. Den første ein sikkert veit budde på Rindane var Notto Svenkeson Abusland (f. ca. 1776). Seinare blei plassen fleire gonger skild ut som eigen eigedom og slege saman med andre eigedomar […]

Drenkadøl – Rygnestad

Tufta etter stoga i Drenkadøl. Foto.

Drenkadøl var ein husmannsplass øvst oppe i jordet på Rygnestad, mot Rygnestadåne. I høgmellomalderen var staden truleg eigen gard. Yngste sonen til Vonde-Åsmund Rygnestad, Dreng, skal ha fått garden i arv etter faren. Knut Torleivsson Rygnestad (f. 1769, d. 1846) og kona Gunhild Vigleiksdotter Rygnestad (f. 1778, d. 1857) er dei første me kjenner til som sat i Drenkadøl i nyare […]

Kvinnebekken på Dale

Innistog Dale-kverna 12. august 2025. Foto.

I skogen langs Kvinnebekken på Dale i Valle står to gamle kvernhus og minnar oss om den gamle kvernkulturen som var eit viktig ledd i dagleglivet i Setesdal gjennom fleire hundre år. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat […]

Straumsfjordstemmen

Straumsfjordstemmen 26. juni 2025. Foto

Straumsfjordstemmen er ein flotingsstem i søre enden av Straumsfjorden i Setesdal austhei. Straumsfjorden er den øvste delen av Tovdalsvassdraget. Størstedelen av den svære innsjøen, som er kring 11 km lang, ligg i Valle kommune (Straume, Hylestad). Sørenden ligg i marka til Nordre Heistad i Bygland. Frå utlaupet renn Tovdalselva sørover gjennom ei lang rekke vatn […]

Koparverksdammen – Hovatn

Restar etter tredammen ved Hovatn. Foto.

Koparverksdammen var ein stem Sæthersdalens Kobberværk sette opp i Hovatn i Bygland rundt 1845. Sætherdalens Kobberværk var ei svær industriverksemd som var i drift bare nokre få år på slutten av 1840-talet. Det var gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og i Bøgruva i Valle og smeltehytte i Åraksbø. Tiltaket enda i dundrande konkurs. Dammen Damstaden […]

I fotspora til setesdølane – Grimsbrua i Kristiansand

Den gamle Grimsbrua sett frå sida 18. mai 2025. Foto.

Grimsbrua er den eldste steinkvelvbrua i tidlegare Vest-Agder. Oppover i Setesdal kom det som me veit køyreveg for hest og kjerre – Postvegen som han seinare er kalla – først i 1840-åra. Men frå Kristiansand og nordover var det køyreveg mange tiår tidlegare. Frå Kristiansand sentrum, om lag frå øvre enden av Markensgate, gjekk den […]

Langerak kraftverk – røyrgata

Del av røyrgata på høge steinfundament. Foto.

Langerak kraftverk får vatnet sitt gjennom ei røyrgate som er 1200 meter lang frå inntaksdammen i Longeraksåna bratt ned dalsida til stasjonen. Kraftverket på Longerak er berømt, og eit verdfullt kulturminne. Røyrgata som fører vatnet ned til vassturbinen er mindre påakta. Men ho er eit imponerande kunstverk i seg sjølv. Heldigvis har Kathe Merete Kjetså […]

Stampen i Homsåne

Stampen i Hommsåne 30. april 2025. Utve ndig med det store vasshjulet. Foto.

I Homsåne (Kvinnåne) i Homme i Valle står det att ein vassdriven tøystamp. Her kunne folk få stampa vevane sine, altså få tøvt dei til ferdig vadmål. Eg har lese at det var tøystampar rundt om i både Bykle, Valle, Hylestad og Bygland. Då var det sikkert slike i min eigen heimkommune Evje og Hornnes […]

Dalevegen – Kveste til Tveiten

Den bratte kleiva opp frå Kveste mot Tveiten 11. april 2025. Foto.

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, gjekk ein gamal rideveg i Valle frå Kveste gjennom Andaskar til Tveiten. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var […]

Ramselia – Øvre Dåsvatn

Hustuft i Ramselia, truleg etter innhuset, 16. mars 2025. Foto.

Ramselia var ein husmannsplass ved Storebekk på Øvre Dåsvatn i Hornnes. Staden er rett ovanfor der Storebekk kraftverk står i dag. Traktorvegen frå kraftverket opp til inntaksdammen går gjennom husmannsplassen. Ca. 200 meter ovanfor kraftverket er det ein snuplass eller velteplass på nedsida av vegen. På oversida, oppover i bakken, ligg størstedelen av husmannsplassen. Rydda 1855 Ramselia blei rydda og bygsla kring 1855. Asbjørn […]

Nordenåkverna – Åraksbø

Nordenåkverna 17. juli 2024. Foto.

Nordenåkverna er i dag det einaste kvernhuset som står att langs Hovassåna i Åraksbø. Gjennom tidene kan det ha vore opp mot 20 kvernplassar langs elva. Nordenå ligg i dei bratte bakkane på nordsida av Hovassåna. Garden hadde ein god kvernstad i Skrikarjuvet. Staden er eit godt stykke ovanfor Nordenåbrua, og oppforbi der dammen etter […]

Verksmuren – Setesdalens Koparverk

Verksmuren, 2017. Foto.

Langs Bryggjevegen i Åraksbø, like ved Grendehuset, står det att ein svær steinmur etter Setesdalens Koparverk som var i drift i bygda kring 1845–1850. Oppå flata over muren, som bygdefolket kallar Kolbotnen, stod kolhuset og malmhuset til koparverket. Det var svære bygningar! Malmhuset var ein tømra bygning, 13 m lang og 6 m brei. Kolhuset […]

Nordstemmen – Bygland

Nordstemmen i haustfargar 30. september 2024. Foto.

Nordstemmen er ein smal, men ganske lang steinstem som blei sett opp i Nordåna (Skrelandsåna) ved Tangen i Bygland, truleg i 1905. Nordåna var flotingselv frå Skrelandsbrua og sørover , og åna blei demd opp for å skaffe vatn til tømmerflotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av […]

Årdal gamle brygge

Den gamle brygga 15. januar 2025. Foto.

Ved oppstarten av dampbåttrafikken på Byglandsfjorden i 1867, låg brygga i Grendi noko lenger ute i fjorden enn ho gjer i dag. Denne første Årdal-brygga – som ligg kanskje 50–100 meter rett vest for spissen av Odden – må vel vere bygd i 1867. Ho blei brukt av damprutebåtane Dølen og (frå 1897) Bjoren. Båtane […]

Geiskelihytta – Bykle

Geiskelihytta 31. august 2024. Foto.

Ho er ei skogshytte som blei sett opp først på 1890-talet, til bruk i den store skogsdrifta til skogspekulantane Foss & Bjerke i Berdalsskogen i Bykle rundt århundreskiftet. Hytta stod då ved Berdalsbru. Seinare kjøpte Vegvesenet hytta og flytta ho til Geiskeli der ho står i dag. Det er like nord for Nylund, bare rundt 300 meter innover langs […]

Homme skulehus – Valle

Homme og Tveitebø skulehus 7. september 2018. Foto.

Homme skule låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952. Konfirmasjonen blei innført i Noreg i 1736. Det førte med seg eit krav om undervising av dei unge. Det var bakgrunnen for at skulestellet etter kvart måtte kome inn i fastare former. Lenge var det bare tale om «omgangsskule». […]

Sandnes skulehus

Skulestoga på Sandnes 27. oktober 2017. Foto

Sandnes skulehus er den vesle, gule bygningen som ligg langs bygdevegen når du kjem til Sandnes i Bygland sørfrå. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var upraktisk. […]

Skomedal skulehus – Bygland

Skulehuset på Skomedal 25. oktober 2016. Foto.

Det gamle skulehuset på Skomedal ligg rett på oppsida av den gamle riksvegen gjennom grenda. Det er bygd i 1888. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var […]

I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby

I Hallbakken, rett sør for Høie Fabrikker på Mosby, kan me framleis sjå spor etter den første køyrevegen nordover frå Kristiansand. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Hallbakken er staden kalla. Vegen ligg på nedsida av den svære fyllinga som Riksveg 9 ligg på, […]

Den gamle byvegen over vestheia i Iveland

Den gamle kløvvegen rett nord for Øvre Li. Foto

Fram til ca. 1855 gjekk det ein «byveg» på austsida av Otra frå Evje over vestheia i Iveland til Kristiansand. «Denne gamle kløvvegen har nesten gått i gløymeboka», skriv Håkon Honnemyr i eit lite hefte han har laga om vegen. Det var mykje meir trafikk på Fjellmannsvegen, eller Dalevegen som han også er kalla, på […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.