© 2022-2026

© 2022-2026

Nistog-kverna på Rygnestad

Kvernhuset til Nistog Rygnestad i haustfargar. Foto

Rygnestad-gardane hadde kvernhusa sine i Rygnestadåne. Berre Nistog si kvern står att i dag. Eit unnatak var kverna til Nordstog, som stod i bekken som renn ned sør for husa der. Det er like vest for Rygnestadtunet. Alfred Ryningen gjer nærare greie for kvernene på Rygnestad i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, utgjeve […]

Kvernspor langs Faråne i Hylestad

Kvernhuset som står ved Faråne i dag. Foto.

Langs Faråne i Hylestad hadde gardane Brokke, Berg og Haugeland kverner. Berre eitt kvernhus står att i dag. Kvernene stod på nordsida av elva, på Brokke-sida. For Brokke sin del er det i kjeldene nemnt «kverner til husbruk» frå 1661. Truleg har garden hatt kvern også før den tid. Brokke var ein storgard og det […]

Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Kvernhuset i skogen på Iveland og Vegusdal bygdemuseum. Foto.

Det gamle kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum kjem frå garden Hovland i Hovlandsdalen i Vegusdal. Hovland høyrde i gamal tid til Vegusdal kommune. I nyare tid (1967) blei Vegusdal ein del av storkommunen Birkenes. Frå 2019, etter ei grensejustering, høyrer garden til i Evje og Hornnes kommune. Det var gardsbruket Der Vest (gnr. 130, […]

Dei to kvernhusa i Trydalsbekken

Minne frå ei svunnen tid. Systog Trydal-kverna like ved Postvegen, den fyrste ordentlege køyrevegen oppover til Bykle. Foto.

I Trydalsbekken som renn ut av Trydalstjønna i Bykle står to ærverdige gamle kvernhus. Det øvste ligg like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen). Det høyrer til Stigamoen-Nordstog (Moen), står det på registreringskortet i SEFRAK-registeret. Nordstog er for lenge sidan opphøyrt som eige bruk og slege saman med Der inne (gnr. 17, bnr. 1) […]

To fine kvernhus i Kåvåne

Kvernhuset til Nomeland bnr. 1 langs elva, litt på avstand. Foto

Godt skjult i eit juv på nedsida av Riksveg 9 ved Kåvåne i Hylestad står to gamle, fine kvernhus og minnar om ei tid som er forbi. Dei to kvernhusa høyrer til Nomeland (gnr. 64 i Valle kommune). Retten til å male her hadde dei kjøpt frå bøndene på Uppstad i gamal tid, skriv Alfred […]

Kvernhusa langs Bjørnaråni

Kvernhuset til Der heime 19. august 2025. Foto.

Langs Bjørnaråni heilt sør i Bykle står to fine kvernhus. Kvernhusa står på nordsida av elva, langs den gamle støylsvegen, eit stykke oppover i lia. Dei er avmerka på kart i SEFRAK-registeret. Les også: Kornet frå åkeren til kverna Der heime Det fyrste ein kjem til nedanfrå er kvernhuset til Der heime (Bjørnarå, bnr. 2). […]

Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen

Kvernhuset er plassert like ved sida av Ryningsloftet. Mektig utsyn mot Bykil. Foto.

Kvernhuset ved sida av Ryningsloftet i Huldreheimen i Bykle kjem frå gardsbruket Vodden Nesland i Nordbygdi. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein […]

Kvernhuset i Lislestog

Kvernhuset i Lislestog 11. oktober 2025. Foto

I friluftsmuseet Lislestog i Bykle kyrkjebygd står eit gamalt kvernhus. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til […]

Steinmuren ved Landeeika

Den fint oppsette steinmuren. Foto av muren.

Eg har ofte undra meg på historia bak den vakre steinmuren langs elva ved Landeeika. Nå har Eystein Greibrokk hjulpe meg ut av uvita! Planlegginga av Landeskogen tuberkulosesanatorium i Grendi tok til tidleg på 1900-talet. Eit ledd i planane var å bygge kraftstasjon som skulle forsyne anlegget med straum. Kraftverksplanane Tanken var då å utnytte […]

Kornet

Kornåker på Hornnes. Foto

«Korn og brød har ein heilt spesiell posisjon i kulturen og historia vår», skriv Oddvar Moen i den spennande boka Hægeland møllehistorie 1918–2018. Kornet har vore dyrka i Noreg i 5 000 år eller truleg endå meir. «Folk i Aust-Asia kokte villkorn for 18 000 år sidan, i Afrika for 12 000 år sidan [—]», […]

Kvernminne – litteratur og kjelder

Ei gamal kverntuft langs Hovassåna i Åraksbø. Foto

Her er ei liste over kjelder og den bakgrunnslitteraturen eg har brukt og bruker i prosjektet mitt om Kvernminne i Setesdal. Nye kjelder som dukkar opp blir lagt til etter kvart. Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire […]

Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord

To gamle kvernhus langs Gryte 26. oktober 2025. Huset t.v. skal vere Nistog sitt. T.h. Systog. Foto

Eg vil prøve å dokumentere flest mogeleg av minna som er att etter den gamle kvernverksemda i Setesdal. Eg har lese eindel om kvernhistoria i Setesdal dei siste åra. Kvernene var ein særs viktig del av livet i dalen i hundreåra før oss og heilt naudsynte i livberginga av familien. Ja, dei som kjenner historia […]

Dammen i Nordåna – Grendi

Dammen i Nordåna. Vinterfoto.

I Nordåna i Grendi er det ein forseggjort dam av tilhogde stein frå tida då Landeskogen var tuberkulosesanatorium. Planar om kraftstasjon i Grendi Då planlegginga av sanatoriet tok til var tanken å bygge kraftverk i Nordåna. Staten kjøpte difor vassrettane i elva, både fallrettane og rett til vatn til bruk på Landeskogen. Planen om kraftverk […]

Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø

Krokan i nydeleg haustsol 13. oktober 2025. Foto.

Krokan på Lidtveit i Åraksbø var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland på 1800-talet. I 1843 gav bonden på Oppigard Lidtveit (bnr. 1) løyve til at Nils Gullikson Skomedal (f. ca. 1788, d. 1864) kunne rydde ein plass i utmarka på garden. Plassen var kalla «Krokan». Her fekk husmannen lov til å ha to […]

Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume

Kvernhuset til bnr. 8 på Straume 26. oktober 2025. Foto.

Langs Kvinnåne på Straume i Hylestad står tre gamle kvernhus att til minne om kvernverksemda som var så viktig i det gamle landbruket. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår […]

Longerak brygge

Longerak brygge 13. desember 2025. Foto: Geir Daasvatn

Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland. På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta […]

Frøysnes brygge

Brygga på Frøysnes 27. november 2025. Foto

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden. Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga. Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det […]

Dalevegen – Lauvåsheia

Dalevegen (Fjellmannsvegen), i dag ei nydeleg turløype, nær toppen av Lauvåsheia. Foto

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg […]

Kvernebekken Gryte i Valle

To gamle kvernhus langs Gryte 26. oktober 2025. Huset t.v. skal vere Nistog sitt. T.h. Systog. Foto

Tilbake i tid var det alt-i-alt minst 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle. Sju av dei står framleis att. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp […]

Rindane på Abusland

Stogetufta på Rindane 5. november 2025. Nedanfor ser me gardane på Abusland. Foto:

Rindane (Rinnan) er ein tidlegare husmannsplass på Abusland i Hornnes. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. Truleg høyrde grunnen den gong til gardsbruket Korgalunnen. Den første ein sikkert veit budde på Rindane var Notto Svenkeson Abusland (f. ca. 1776). Seinare blei plassen fleire gonger skild ut som eigen eigedom og slege saman med andre eigedomar […]

Drenkadøl – Rygnestad

Tufta etter stoga i Drenkadøl. Foto.

Drenkadøl var ein husmannsplass øvst oppe i jordet på Rygnestad, mot Rygnestadåne. I høgmellomalderen var staden truleg eigen gard. Yngste sonen til Vonde-Åsmund Rygnestad, Dreng, skal ha fått garden i arv etter faren. Knut Torleivsson Rygnestad (f. 1769, d. 1846) og kona Gunhild Vigleiksdotter Rygnestad (f. 1778, d. 1857) er dei første me kjenner til som sat i Drenkadøl i nyare […]

Kvinnebekken på Dale

Innistog Dale-kverna 12. august 2025. Foto.

I skogen langs Kvinnebekken på Dale i Valle står to gamle kvernhus og minnar oss om den gamle kvernkulturen som var eit viktig ledd i dagleglivet i Setesdal gjennom fleire hundre år. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat […]

Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen

Anlegg 3 ned mot Bjørnaråna. Foto.

Tyskarane bygde opp fleire forsvarsstillingar i Bjørnarådalen i Bykle, rundt 1,6 km aust for Bjørnarå, under andre verdskrigen. Det kom tyske forsvarsanlegg fleire stader i Bykle. Tormod Christiansen utarbeidde i 2017, på oppdrag frå Bykle kommune, ein rapport med kartlegging av tyske festningsverk i kommunen i krigsåra. Opplysningane her er henta frå den rapporten. Byklestigen […]

I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland

Saldalskleiva med Riksveg 9 til høgre 18. mai 2025. Foto.

I Saldalskleiva på Aukland, like nord for idrettsanlegget på Hommeren i Kristiansand, kan me framleis sjå spor etter den første køyrevegen nordover frå byen. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Saldalskleiva er staden kalla. Vegen ligg på nedsida (vestsida) av Riksveg 9. Den gamle […]

Kvernene på Sordal

To kvernsteinar like nedanfor "tuft 3". Foto.

Sordalsgardane hadde kvernene sine i Kvernåna, som renn ut i Otra ved Steglefloti. Det skal ha vore opptil sju kverner langs elva her. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl.Etter den primitive skrubbekverna og […]

Straumsfjordstemmen

Straumsfjordstemmen 26. juni 2025. Foto

Straumsfjordstemmen er ein flotingsstem i søre enden av Straumsfjorden i Setesdal austhei. Straumsfjorden er den øvste delen av Tovdalsvassdraget. Størstedelen av den svære innsjøen, som er kring 11 km lang, ligg i Valle kommune (Straume, Hylestad). Sørenden ligg i marka til Nordre Heistad i Bygland. Frå utlaupet renn Tovdalselva sørover gjennom ei lang rekke vatn […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.